tirsdag 28. desember 2010

Martyrar

26.desember Den heilage Stefan, Kyrkjas første martyr.


Vi minnes Den Heilage Stefan i vissa om at det i dag kanskje er fleire martyrar enn noko gong.
Dei kristne i Irak er etter invasjonen i 2003 i aukande grad blitt utsatt for vald og forfølgjing av islamistiske terroristar. Den blodige massakren i katedralen i Bagdad i byrjinga av november med over 50 døde  er det siste eksempelet på det. Før invasjonen var det over 1 million kristne i Irak, seinare har kanskje så mykje som to tredje partar blitt pressa til å forlata landet. Det har lenge vore eit skrekk scenario at om ikkje altfor lenge vil Midt-Østen vera så godt som tømt for kristne. Kyrkjer som har eksistert der sidan dei første hundreåra vil bli heilt utradert.
George Bush og Tony Blaires som invaderte Irak i 2003 og som begge vedkjenner seg til kristendomen har paradoksalt nok påført dei irakiske kristne ein situasjon med meir brutal islamistisk terror.
Meir enn nokon enn nokon gong er det viktig at vi støttar dei kristen i Midt-Østen generelt og dei kristne i Irak spesielt både materielt og andeleg.

onsdag 22. desember 2010

Jul 2010

 "VÅRT ØYE SER MOT BETLEHEM"
Bare to dager til julehøgtida.Julemusikken er viktig for å få å formidla innhaldet i jula. I kveld har vi fått med oss den lokale julemusikken "Res Miranda" i Frelserens kirke i Farsund.Tekst av Svein Ellingsen og musikk av den lokale korleiar og musikalske inspirator Brian Breidental. Stemningsfullt og fint.
Så har eg forslag til julemusikk som vel ikkje er så kjent av dei fleste men også det nye og ukjente kan gje julestemning.                                                                                                                                           Først Antonio Caldara(1670-1736):Vaticini di Pace (Juleoratorium) frå 1712 har eg lytta til kvar jul etter at    eg ¨kom over Naxos CD for ti års tid sidan. Kan anbefalast!

                                                                                                                                                                                                            Så Joseph Eybler (1765-1846) Hans juleoratorium frå 1746"Die Hirten bei der Krippe zu Bethlehem" er kanskje ikkje så storslått som Bachs juleoratorium men vel verdt å lytta til.
                                              
                                               


Sist men ikkje minst Jakub Jan Ryba (1765-1815).Hans tjekkiske julemesse frå 1796 er blitt svært populær i heimlandet men kan også med stort utbytte lyttast til utanfor Tsjekkia.

onsdag 15. desember 2010

New York

Advent i New York. Amerikansk juleførebuing på Manhatten.
Etter eit par dagar med medisinske foredrag av vanleg høg amerikansk standar var det fint å kunna gå ned 5th Avenue forbi alle luksusbutikkar til St. Patricks Cathedral. Katedralen som er den største i USA ligg inneklemt mellom høghus midt på Manhatten ikkje langt frå Central Park og Times Square. Bygd på slutten av 1800 hundretalet etter modell av europeiske gotiske katedralar. Inne er det tettpakka med folk av i alle aldrar til søndagsmessa med erkebiskop av New York Timothy Dolan.
Tett regnbyger set ingen dempar på stemninga denne tredje søndagen i Advent.
Det blir ei fin oppleving på alle måtar. Eg kjenner meg straks heime, dette er ikkje ein ukjent plass i ein fjern storby i USA , der et det same katolske felleskapet som ein kan oppleva heime i Norge eller kvar som helst ellers på kloden. Eukaristien er alltid den same. Det er noko av det store med å tilhøyra ei verdsvid kyrkje.
Ekebiskop Dolan tek utgangspunkt i den fint forseggjorte julekrybba framme til venstre for koret. " Something is  missing" , Jesusbarnet er enno ikkje på plass i julekrybba, det skjer først julafta. Dette "something is missing" overfører han så til det moderne  mennesket og det tomromet det ber inne i seg og som berre kan fyllast av Gud.
Så kan ein til slutt tenna lys framfor Our Lady of Goudaloupe som blir feira denne dagen spesielt av den store latin amerikanske folkegruppa i USA.


                                                                                  www.saintpatrickscathedral.org/homepage

onsdag 8. desember 2010

Poetica:Advent

                    

                    Advent

                          Desse skritt med forventning
                          gjennom stille vinternatt
                          til eit ukjent møte
                          denne uroen
                          som tøyer seg over dagen
                          og blir eit gjenskinn
                          av morgonens tause blikk
                          Eit vakande auge i kvelden
                          undrande
                          Vi er ikkje åleine ?

tirsdag 7. desember 2010

Advent






Desember 2010. Advent. Vi nærmer oss jul og nyttår.Første innlegg på bloggen i dag. Litt spent på det!  Vinteren lagt seg over Sørlandet inkludert Listalandet. Bilete frå fjordårets vinterlandskap.Vel så kaldt i år. Best å vera inne og fyra ? Men godt med ein tur i vinterkvelden.