tirsdag 29. mars 2011

Poetica:Snømørkt

                       
                      (om å lesa Jon Fosse)
                    
Snømørkt
jordmørkt
whiteout
foten som trør
der auga ikkje ser
handa som ikkje veit
kva som er opp eller ned
vidda er utan grenser
mot himmelen som heng fast
i synsranda
ferda har korkje mål eller retning
men du ber den vesle gneisten
kveikt av den største elden
det skin under huda di
det skin inn i kvelden
som av eit lysande mørkre.

søndag 27. mars 2011

Alle skulle bli dronning

Poeten Gabriela Mistral (1889-1957) er vel kanskje lite kjent i dag. Ho var den første forfattaren frå Latin Amerika som fekk Nobelprisen i litteratur, det skjedde like etter krigen i 1945. Poesien ho skreiv er sterkt prega av hennar latinamerikanske identitet og den røyndomen ho vaks opp i Chile i byrjinga på 1900 talet.
Som mestis hadde ho også sine djupe røter i det indianske Amerika. Gabriela Mistral var ikkje bare poet, ho var også  sterkt samfunnsengasjert både nasjonalt i heimlandet Chile, men vel så mykje på den internasjonale arenaen.Ikkje minst barns rettar engasjerte henne sterkt. Ho var ein av pådrivarane for opprettinga av UNICEF men takk nei til leiarvervet. Men det er likevel som poet ho vert hugsa for ettertida. Eit lite utval av dikta hennar er omsette til nynorsk av Tove Bakke.Dikt om heimlandet, om naturen, om barn og kvinners erfaringar. Og om dei draumar som det ikkje vert noko av men som kanskje andre får oppleva som i titteldiktet : Alle skulle bli dronning(Todas ibamos ser reinas)

"Alle skulle bli dronning
 og ha dronningrike ved havet
 Rosalia og Efigenia
 og Lucila og Soledad.

 I den fjellkransa Elquidalen
 mellom hundre fjell eller fleire,
 som stråler som offergåver
 av safran og raudt gull.
 Jublande la vi planar,
 vi heldt det for visst og sant
 at kvar og ei fekk bli dronning
 at alle kom til havet.

(............)

Men høgt oppi Elquidalen
med hundre fjell eller fleire
der song dei, jentene som kom,
der skal nye jenter syngja:

På jord skal vi vera dronningar
og styre rike og land,
og så store er dronningrika
at alle skal komme til havet."


                                                          Gabriela Mistral (1889-1957)
                                                   Frå Elquidalen

                                                    

fredag 25. mars 2011

Maria bodskapsdag

Det er ni månadar til jul og kyrkje feirar Maria bodskapsdag.

Antifon til vesper:
"Engelen sa: Frykt ikke, Maria, du har funnet nåde hos Gud.
 Du skal unnfange og føde en sønn, og han skal du kalle Jesus."

"Se , jeg er Herrens tjenerinne.Det skje meg etter ditt ord."

Magnificat:
Min sjel opphøyer Herren,
min ånd fryder seg i Gud,min frelser,
han som har sett til sin ringe tjenerinne.
For se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig.

mandag 21. mars 2011

Morgon og kveld

"..men god det var du,tenkjer Signe og ho ser opp og ho ser kvite skyer på himmelen og ho ser sjøen så roleg i dag lyse blått og Signe tenkjer at du Johannes far, du Johannes far"

Slik er slutten på Jon Fosses roman frå år 2000, "Morgon og kveld." Dottera Signe står ved grava til faren Johannes, fiskaren Johannes og  reflekterar over livet hans. Boka er delt i to.Først dagen Johannes vart fødd sett frå farens synsvinkel, til sist dødsdagen hans sett frå hans eigen synsstad. Det er som i dei fleste av Fosses tekstar lite ytre handling men desto meir  lågmælt dialog, indre monolog,teikn og bilete. Navna er bibelske, fiskarane Johannes og Peter, skomakaren Jakob, Anna og Marta. Jakob skomakar får ein til å tenkja på den store mystikaren skomakaren Jakob Bøhme som levde på 1600 talet, og det er nok og tilsikta frå Fosse si side. Dette er altså ei bok om dei store eksistensielle spørsmåla skreve i eit roleg, dagligdags språk, der rytme, teikn og intervaller understrekar temaet. Morgon og kveld, haust og vår, fødsel og død,alt dette som rammar inne og set grenser for dei små liva våre. Men i Jons Fosses tekst er det ikkje noko skræmande eller angstfylt stilt overfor døden.
"Og du frys ikkje lenger, seier han(den døde venen Peter) Nei, seier Johannes. Og ikkje er du redd heller,seier Peter Nei seier Johannes."
Alt er innbakt i ein samanheng og over det heile ligg eit forsonande lys. Då kan ein gå roleg frå morgon til kveld, frå den første til den siste dagen.



søndag 20. mars 2011

St.Josef

19.mars er minnedag for St. Josef
Dagens evangelietekst frå Luk 2.

Se, din far og jeg har lett etter deg og vært så engstelige for deg
Hvert år pleide Jesu foreldre å dra opp til Jerusalem på påskefesten; og det året han fylte tolv år, drog de som vanlig opp til høytiden. Men da høytidsdagene var over og de vendte hjem, ble gutten Jesus igjen i Jerusalem, uten at foreldrene visste om det. De tenkte at han sikkert var med i reisefølget, og først en dagsreise på vei begynte de å lete etter ham blant slektninger og kjente. Men da de ikke fant ham, måtte de vende tilbake til Jerusalem og lete etter ham der. Og tre dager senere kom de over ham i templet; der satt han blant de lærde, lyttet til dem og stilte dem spørsmål. Og alle som hørte ham, var ute av seg over hans forstand og over de svarene han gav. Da hans foreldre så dette, ble de ganske bestyrtet, og hans mor utbrøt: «Barn, hvordan kunne du gjøre dette mot oss? Din far og jeg har lett etter deg og vært så engstelige for deg.» Han svarte: «Men hvorfor lette dere etter meg? Visste dere ikke at jeg hører til der hvor min Far er?» Men de forstod ikke hva han mente. Deretter gikk han med dem hjem til Nasaret, og levde der som en lydig sønn.

St.Josef er ein sentral helgen i Karmel.
Frå "Bønner i Karmel."

" Hellige Josef, vår far!
  Du har aldri sviktet dem
  som ber om din hjelp og forbønn
  Som vår hellige mor Teresa
  tar vi vår tilflukt til deg
  Du var Frelserens faderlige beskytter her på jorden,
  og han lytter til dine bønner i himmelen.
  Gjennom Ham har du makt til å hjelpe oss
  og det som synes umulig kan du gjøre  mulig
  Vi ber om din faderlige omsorg,
  at du skal sørge for oss
  og gi oss alt vi trenger. Amen."

Gå i dag spesielt i forbønn for kyrkjene i Irak og Egypt !

lørdag 19. mars 2011

Matteus pasjonen

Det er inngongen til fastetida, eg køyrer gjennom snødekte landskap og lyttar til Johan Sebastian Bachs Matteuspasjon. Få kunstverk talar vel like sterkt om påskemysteriet som dette storslagne samspelet mellom ord og tonar. De vart første gong framført langfredag 1729 i St.Thomas kyrkja i Leipzig.
Høgdepunktet er sluttkoret "Wir setzen uns mit Tränen nieder.”
Det sit lenge i etter at musikken har tona ut og berre snøen og vidda er att.

torsdag 17. mars 2011

St.Patricks day

17.mars er St.Patricks day. St.Patrick er helgenen som kristna Irland på 400 talet. Dagen blir feira over heile Irland og av alle irar rundt i verda ikkje minst i USA. New Yorks største katedral er vigd til St.Patrick.

"Fra den hellige Patricks bekjennelse.
Dette skjedde ikke takket være meg, men det var Gud som seiret i meg og motstod dem alle, slik at jeg kunne komme til Irland og forkynne Evangeliet for folkene her, tåle hån fra de vantro, høre spott fordi jeg var fremmed, tåle forfølgelser like til fengsel, oppgi min adelsstand til beste for andre. Dersom jeg skulle være verdig til det, er jeg beredt til, frivillig og uten å nøle, å gi mitt liv for hans navns skyld. Jeg ønsker å leve her like til jeg dør, om Herren gir meg lov."

torsdag 3. mars 2011

Såret engel

I Tammerfors domkyrkje heng  måleriet "Såret engel" (Haavoittunut enkeli) av den finske kunstnaren Hugo Simberg (1873 - 1917) Det er måla like etter hundreårsskifte og vart i 2006 kåra til Finlands nasjonalmåleri. Biletet syner to unge menn som ber ei båre mellom seg. Dei   går  langs ein sjø, landskapet er halde i mørke fargar men det sprirer og fram små kvite blomar langs stien dei går. På båra sit ein engel, blodig og bandasjert, han sit med bøygd hovud og held tappert på ein liten blomebukett.
Kjell Arnold Nyhus skriv om første gong han såg dette bilete som 23 åring og om korleis det seinare har følgt han. Han ser på engelen. "Det er en engel, ja, men den er så menneskelig - jeg er ikke i tvil om at den er i slekt med meg selv."
Kva symboliserar dette kunstverket ? Nyhus skriv at han ser seg sjølv i tre personar i  biletet.Først den som såra engelen  med hensikt eller berre uforstand. Men også som gutane som prøver å hjelpa den såra engelen, ta seg av han og bera han med seg . Til sist ser han seg sjølv i  den såra,einsame og kanskje utstøtte engelen .
Våre handlingar og roller skifter, vi kan vera både den som sårar, den som vert såra eller "den miskunnsame samaritanen" som ber engelen med seg heim. Det er ikkje alltid så lett å velga, mange tilfeldigheitar kan spela inn. Men vi er og noko meir enn våre roller og handlingar. Djupast sett er vi i slekt med englar, med det ævelege, det som er og som varer.
"Englane tar meg kvar dag ut av mi forsteining" skriv Jon Fosse.

tirsdag 1. mars 2011

Ver ikkje redde

Presten og forfattaren Kjell Arnold Nyhus har skreve boka  "U Alminnelig " med undertittel " Jon Fosse og mystikken" der han analyserar Jon Fosses forfattarskap i lys av den kristne  mystikken. Jon Fosses dramatikk har vekt internasjonal oppsikt og blir spelt på scenar verda rundt. Er det noko her som talar til det moderne rotlause mennesket ? Nyhus meiner at desse tekstane er inspirert av mystikken og står i den same andelege tradisjonen. Mystikken er her ikkje forstått som noko sært og marginalt, men som eit uttrykk for ei grunnleggande livsoppleving som sameinar menneske til alle tidar og alle kulturar. Kanskje kunne ein og seia ei  grunnhaldning av tillit, ei forståing av tilveret som meiningsfylt og målretta.

"Når den kristne mystikken kan tale om overgivelsen til Væren, er det fordi den tror at verden veller fram av Guds gode vilje. Verden henger sammen, den er koherent. Mystikkens grunnleggende livsholdning er tillit, og dyp fortrolighet med det som er. Mystikken framstår som meningsløs og absurd om den ikke hadde øye for Guds gode skapervilje.
Denne grunnholdningen ser ut til å stå i kontrast til den livsfølelsen som preger samfunnet i dag. Det henger blant annet sammen med at vi er i ferd med å miste en grunnleggende tiltro til tilværelsen i seg selv.At virkeligheten i bunn og grunn skulle være god og meningsfull har smuldret."

Tilbake har vi i såfall bare redsla? Eller kanskje ikkje ?
Jon Fosse let i  skodespelet "Sov du vesle barnet mitt." ein av personane seia til dei to andre når dei ikkje lenger veit kvar dei kjem frå eller kvar dei skal av:

"så ver ikkje redde
Redsla blir borte
Ver ikkje redde
berre ver trygge
Ikkje ver redde"