torsdag 29. november 2012

Den salige Elisabeth Hesselblad

Elisabeth Hesselblad ( 1870-1957) er av enkelte blitt kalt "Den andre Birgitta". Kanskje med rette for ho fornya Birgittinarordenen og førte den tilbake til Vadstena og Sverige igjen. Ho vart saligkåra av pave Johannes Paul 9.april 2000.Festdagen hennar er 04.juni.
Hos birgittasøstrene i Casa di Santa Brigida på Piazza Farnese der ho levde og døydde, er ho framleis til inspirasjon og etterfølgjing. Der er godt å bu hos birgittasøtrene, ein blir prega av stemniga i huset, både den heilage Birgitta og Den salige Elisabeth Hesselblad blir nærverande for oss. Søster Marja-Lisa  viser oss rundt i huset og forklarar inngåande om desse to store kvinnene som levde og døydde der.
Elisabeth er kanskje ikkje så kjent som sitt store ideal frå 1300 talet. Ho vart fødd i ein barnerik familie i Fåglavik i Sverige i 1870. Familien tilhøyrte den lutherske svenske kyrkja. Som attenåring reiset ho til USA og utdanna seg til sjukepleiar ved Roosevelt sjukehuset i New York. Ho kom i kontakt med katolisismen gjennom såvel pasientar som katolske vener.  Ein dag overvar ho sakramentsprosesjonen på Kristi lekamsdag, ho opplevde då at ei indre røyst sa til henne:"Eg er den du søker." Ho knelte ned og vegen var  dermed lagt for henne vidare livsløp. 15. august i 1902 på Maria Himmelfartsdag vart ho teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap. Det er interessant at også andre nordiske konvertittar som Niels Steensen og Karl Schilling har hatt tilsvarande opplevingar i samband med sakramentsprosesjon !
Elisabeth ville utdanna seg til lege men vart sjuk, og ein trudde at ho hadde kort tid igjen. Ho drog då til Roma og fekk bu i Casa di Santa Brigida saman med karmelittsøstrene som heldt til der. Paven gav henne løyve til å verta ikledd birgittasøstrenes drakt, og i 1911 starta ho ein liten birgittiner kommunitet.
Den vart stadfesta av paven i 1920, og ikkje så mange år etter lukkast det for henne å få Birgittas orden tilbake til Sverige sjølv om det enno var forbod mot klosterordenar der.
Under andre verdskrig gjorde ho ein stor innsats i å hjelpa både jødar og politiske flyktningar. I forlenginga av det eg skreiv 26. november må det nevnast at ho i 2004 vart heidra for å ha hjelpt  forfølgde  jødar under krigen. Ho fekk då sitt navn på det jødiske minnesmerket Yad Vashem, "The righteous among the Nations" i Jerusalem.
Elisabeth Hesselblad  døydde ikkje i 1904 som ein trudde, men levde like til 1957. Då hadde ho ein livslang stor innsats bak seg,både for Birgittinerordenen, for Kyrkja generelt og for dei forfølgde og utstøtte.


søndag 25. november 2012

26.november - aldri gløyme!

Det er 70 år sidan 26. november 1942, ein skammens dag.  Tidleg på morgonen var eit hundretals drosjar samla framfor inngangen til Vigelandsparken i Oslo. 150 mann frå det norske statspoliti, 60 mann frå kriminalpolitiet, 60 frå Hirden og 30 frå Germanske SS-Norge( altså alle nordmenn) hadde fått følgjande instruks: " Alle kvinnelige jøder med J. i passet samt deres barn skal anholdes..." Instruksen vart overhalde til punkt og prikke. 532 jødar vart brakt ombord på lasteskipet "Donau". Båten vart liggande verfast i ytre Oslofjord og kom seinare enn planlagt til Stettin. Det var snøfokk og bitande kaldt då jødane vart overført til godsvogner på den 60 mil lange jernbanelinja som enda i Auschwitz. Det er advent, første desember i det dei er dei framme i konsentrasjonsleiren, 346 personar blir utsortert for å gå rett i gasskammeret. Av desse er det 188 kvinner, 42 barn og 116 arbeidsuføre menn.
Ein av desse 346 veit vi meir om enn dei fleste andre, det er Ruth Maier,  jødisk flyktning frå Wien som kom til Norge i 1939. Vi kjenner henne avdi ho var nær veninne av forfattaren Gunvor Hofmo, og hos skreiv heile tida dagbok. Dagboka vart utgjeven i 2007 takka vera forfatteren Jan Erik Vold. Hausten 1942 er Ruth 22 år gammal, ho går på kveldskurs ved Kunst- og Håndversksskolen og bur på hybel i Dalsbergstien 3.
Klokka fem om morgonen blir ho brutalt vekt av  to norske(!) politimenn, og slept ned trappene til ein ventande drosje. Dei andre jentene i hybelhuset vaknar av bråket, ein av dei tilbyr seg å ta vare på gullarmbandet til Ruth til ho kjem tilbake. Ruth svarte:"Jeg kommer aldri tilbake."
Veninna Gunvor Hofmo dreg ned til havna der "Donau" ligg klar, Ruth lukkast å smugla eit lite brev ut til henne. " Jeg tror det er like bra at det er kommet til dette. Hvorfor skal ikke vi lide når det er så mye lidelse til ? Bekymre deg ikke om meg. Jeg ville kanskje ikke bytte med deg."

Donau forlet havna i Oslo med 532 norske jødar.

Ruth Maier hadde kunsteriske evner, ho skreiv og malte akvareller.
Gunvor Hofmo skreiv mange dikt  inspiret av hennar døde veninne:

" Du malte din død.
  Din død gikk foran deg og skar i tingene
  så de åpnet seg i brennende pine
  og du kjente sommeren ånde i sorg over din unge død
  grenene rispet kvelden
  duftene fra havene du ikke skulle se mer
  steg bittert i deg
  og de hvite benkene i skumringens parker
  løftet seg som svaner."

Minnestein sett ned  utanfor Dalsbergstien 3. Aldri gløyme !

lørdag 24. november 2012

Bioethics and Christian Europe

Årets europeiske kongress for katolske legar med tittelen "Bioethics and Christian Europe" vart arrangert i Roma  15-18. november. Det var ein samarbeid mellom den europeiske katolske legeforeninga med leiar Francois Blin og den lokale italienske avdelinga AMCI som er leia av Vincenco Maria Saraceni. I invitasjonen til kongressen peika dei på eit Europa i krise, ikkje berre økonomisk krise men også moralsk når ein ser ut til å ha mista kontakten med kontinentets kristne røter. Verdiar som vi har oppfatta som universelle er under hardt press. Livet til dei veikaste blir ikkje lenger repektert, ekteskapet som institusjon er på vikande front, pengemakta trugar menneskets grunnleggande verdi. Når dei etiske grunnpillarene i vårt samfunn er truga blir det ei spesiell utfordring til oss legar, og særleg for vårt engasjement i fagfeltet bioetikk. Kongressen la opp til ei brei dekking av dei ulike aspekt ved bioetikken. Visjonen  var at Europa med utgongspunkt i våre felles jødisk-kristne røter kan dela ei felles etisk ramme som kan bringa menneskeheten - skapt i Guds bilete - til si fulle utfalding.
Første dagen var via til dei meir prinsipielle og filosofiske aspekta ved etikken. Kva skil kristen og sekulær etikk ? Seinare gjekk ein grundigare inn på dei ulike etiske problemstillingane i forhold til tema som abort, fosterdiagnostikk, nyfødtmedisin , eutanasi opg helsepersonells reservasjonsrett. Det siste teamet er ikkje minst aktuelt for oss i Norge, og kommunelege Gunnar Grøstad Johnson gjorde i sitt innlegg greie for situasjonen i Norge der vi opplever at samvittighetsfridomen er under stadig større press.
Det var første gong at norske legar deltok på denne kongressen, leiaren Francois Blin merka seg det.
Vi var i underkant av ti deltakarar, både medlemmer i Den nordisk katolske legeforeningen og frå Norges kristelige legeforening.
Vatikanet var absolutt merksam på denne kongressen, nest siste dagen var det messe i Peterskyrkja og deretter audiens med paven.
Kongressen vart avslutta med messe leia av  statssekretær i Vatikanet kardinal Tarcisio Bertone
I Chiesa del Sacro Cuore som ligg på orådet for Universita Cattolica der kongressen vart arrangert.
Vi vart inspirert både andeleg og  når det gjeld etisk refleksjon.

Frå audiensen med pave Benedict

Kardinal Tarcisio Bertone.

                                                Ama il prossimo tuo come te stesso.


fredag 23. november 2012

Biskop Olav Trondsson i Roma

"Cui dederat sacram merito Norwegia sedem
hic tegnit Olavi frigidus ossa lapis.
Obit Romae anno Salutis MCCCCLXXIIII
die XXV Mensis Novembris.

Under denne gravskrift kvilte fordum
her i Sankt Augustins kyrkje
Nordmannen OLAV Throndsson
24de erkebiskop i Nidaros 1439-1474
Det apostoliske setes legatus i Norge
Ved hans lenge gløymde legstad sette
landsmenn honom ein ny stein til minne
I Herrens år 1924."

Ei minneplate med denne innskrifta finn vi på ein av søylene i San Agostino kyrkja i Roma. Kyrkje ligg like ved Pantheon og Piazza Navona. Erkebiskop Olav Trondsson døydde under si andre vitjing i Roma i samband med jubelåret 1475. Det fekk han ikkje oppleva , han døydde 25. november 1474. Med han var den nyleg innsette biskopen i Bergen  Hans Teiste som nok gav han dei siste sakramenta og sytte for gravferda.
Olav Trondsson hadde vore i Roma før. Det hadde  lenge vore strid om Nidaros erkebispestol men  i 1458  vart det avgjort at Olav skulle bli ny erkebiskop. Året etter drog han sørover, han møtte paven i Perugia og vart der via til erkebiskop. I tillegg til å motta sitt pallium hadde han forskjellig oppdrag for kongen. Alt gjekk fint, og sommaren etter kom han heim og overtok sitt bispedømme som han skulle koma til å sitja i omlag 15 år. Det er ikkje så mange kjelder frå denne tida, men  det kjem fram at knapt nokon hadde noko negativt å seia om Olav. Han var "ein heiderleg, klok og viseleg mann."  Han gav mykje  av sitt arvegods til domkyrkja, men hadde og interesse for dei perifere områda i  bispedømmet. Hodal i Herjedalen fekk eiga kyrkje og prest, bøndene takka biskopen ved å senda  han seks pund gjedde i fastetida.
Sommaren 1474 vart det innsett ny biskop i Bergen. Då Olav reiste frå Bergen hadde han følgje med den nye biskopen Hans Teiste. Ferda gjekk til Roma,  Olav skulle aldri få sjå heimlandet igjen.
Hans Teiste kom attende til Bergen og levde til like etter år 1500.
Det er underleg å stå som turist og pilegrim framom grava hans mange hundre år etter. Eg reflekterar over kor nær Norge var knytta til Europa på denne tida, trass i dei lange avstandane. Nordmenn  drog som pilegrimar til Roma og Santiago de Compostella, geistlege drog til Paris og Roma for å studera. Språket var ikkje noko problem, dei kunne kommunisera på det kyrkjelege fellesspråket latin. Liturgien var likeså kjent, alle var ein del av den verdsvide Katolske kyrkja.

Minneplata over Olav Trondsson som vart sett opp i 1924

torsdag 22. november 2012

Poetica:Det vi tala om

Det vi tala om


No skil vi ikke lenger
mellom  det vi ein gong tala om
og det som var
ein uforløyst løyndom
like attmed oss,
det følgde oss tett
like i hælane vår
av og til ein skugge i skogbrynet
fort borte
ein annan dag
einslege fotefar i mosen
der vi gjekk like etter
oftast berre ei uklar kjensle
av noko som er
snudde vi oss
lydde det som
ei fin risling av vatn
eller kram snø like etter nyttår
Ordet som er
sjølv om røystene teier.


Poetica:Oktober


                               Oktober
                     
                           tunn ishinne
                           speglande
                           haustklår oktober
                           djupet
                           du  trør varleg
                           langt der nede
                           løyndomar. 

søndag 11. november 2012

Abrahams gjestebod

"Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøre midt på heitaste dagen. Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: "Herre, dersom du har godvilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger - sidan de no har lagt vegen om tenaren dykka." Dei svara: "Ja , gjer som du seier!"
Ikonet som er kjent under navnet "Abrahams gjestebod" eller "Den gammaltestamentlege Treeininga" byggjer på denne teksten frå 1.Mos 18. Etter ortodoks tradisjon er dei tre mennene eit levande bilete på Treeininga. Gud kan ikkje avbildast direkte, men gjestinga hos Abraham gjev høve til ein indirekte framstilling. Dei tre mennene vert vanlegvis framstilt som tre englar som sit rundt eit bord som er dekka med ein eller fleire kalkar. Dei tre englane kan innesluttast i ein sirkel og er eit bilete på dei tre personane i Treeininga. Måltidet Abraham steller i stand til dei er eit profetisk bilete på nattverden, og bordet er eit symbol på altaret der Kristi offer vert nærverande.
I Hebrearbrevet 13 finn vi og ein setning som viser til denne hendinga. " Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester."
Dette er det kanskje allment mest kjente ikon motivet. Den russiske ikonmålaren Andrej Rublov (1360-1430) skapte ca 1410 si framstilling av "Abrahams gjestebod" som dei siste åra har blitt nytta som illustrasjon i mange ulike samanhengar.
                          
Andrej Rublovs ikon heng  i Tretyakov galleriet i Moskva. Sjølv om det her er teke ut av sin liturgiske samanheng gjorde det likevel eit svært sterkt inntrykk å stå andlet til andlet med denne framstillinga av Treeiniga.

Solrun Nes sin variant av dette temaet.

fredag 2. november 2012

Ein liten siger


              Ein liten siger.

Gatene ventande

enno utan vinterens tålmod

ettermiddagssola fell skrått no

nesten parallelt med husveggen

eg kunna ha grepe etter lyset

og klatra på det

og så i eit sprang

gått frå oktober til mars

eller like godt andre vegen

ein liten siger over

månadar og dagar

men kanskje ikkje over

sekund og minutt.