søndag 18. august 2013

Trusskiftet i Mellomalderen

"Den mørkaste Middelalder" og "middelalderske lover" er uttrykk som blir nytta til og med av sentrale politikarar, når ein skal karakterisera det som er aller mest i motsetning til moderne vestleg
oppfatning. Men kanskje er det ikkje Mellomalderen som er mørk, men derimot hundreåra før og etter, prega av ein brutal vikingkultur før 1000 talet og hysteri og heksebrenning på 1500-1600 talet ? I  Mellomalderen tok Noreg steget frå eit lovlaust ættesamfunn til eit land som gradvis fekk statsmakt og lovregulering. Noreg vart ein del av Europa og den felles europeiske kulturen, noko som heng nøye saman med innføringa av kristendomen og oppbyggjinga av ein kyrkjeleg organisasjon og struktur.
I 1153 kom kardinal Nicholas Brekespears til Nidaros som paveleg utsending for å oppretta ein eigen norsk erkebispestol (før Sverige!) Han vart seinare pave Hadrian IV. Då han døydde i 1159 vart det ein politisk prega strid om kven som skulle bli etterfølgjaren hans, noko som ikkje var uvanleg på denne tida. Det som er meir interessant er eit viktig brev som vart sendt til kardinalkollegiet der det blir framheva at heile Vesten sluttar opp om Alexander som ny pave, frå Spania i sør til Noreg i nord.
Denne framhevinga av Noreg viser at det tidlegare brutale vikingsamfunnet no blir rekna som ein del av det felles europeiske, kristne kultur-fellesskapet.

At Noreg er blitt eit kristent, katolsk land har altså politisk innverknad både nasjonalt og internasjonalt. Viktig er og det lovverket som etterkvart kom på plass, og som signaliserar eit skifte frå ættesamfunn til statssamfunn, frå ein kollektiv moral til den kristne individualmoralen. Pater Olav Müller i Trondheim kaller det i ein artikkel " en humanisering av samfunnet." Han har ein punktvis og fint illustrerande oversikt over kva dette betyr i praksis.
1. Ekteskap. Ekteskapet er eit sakrament og  Kyrkja krevde at også brura friviljug skulle gje sitt jaord, sitt samtykke. Det blei forbod mot å ta friller på si, og at ein mann kunne senda bort ei hustru han var lei av.
2.Uønska born. Det vart forbod mot skikken å setja vanskapte og uønska born ut i skogen. Det var eit radikalt skilje og innebar at dei svakaste heretter hadde krav på vern.
3.Ættehevn. Ættehevnen vart etter kvart ulovleg. Heretter var det samfunnet som skulle straffa forbrytarar.
4.Fattige. Det vart bygd opp omsorg for fattige og sjuke.  Fattighus og hospital vart oppretta i alle større byar. Legdsystemet vart innført, dvs. eit visst antall gardar skulle på omgong ta seg av fattige.
5.Almisser. Det vart ein kristen dyd å gje almisser til fattige og sjuke.
6. Tiende. Tiende blir innført, ein fjerdedel skulle gå til dei fattige.
7.Trellar. Det vart etter kvart lovfesta at trellar skulle frigjevast. På 1200-talet er trellevesenet utdødd.
8.Gudsfreden. Det blir forbod mot å bera våpen i byar, på heilage stadar og til visse tider (heilag dagar)

Det er klart at det tok lang tid før dette trengte ned i folkedjupet, kristendomen vart heller ikkje innført i 1030, det var ein langvarig prosess som strekte seg gjennom hundreåra før og etter.
Men det var eit skilje, eit skilje som på mange måtar var fundamentalt. Kva er det som skil kristendomen frå andre religionar og livssyn om ikkje  denne vektlegginga av at kvart einskild menneske har uendeleg verdi uavhengig av evner, rase, kjønn, rikdom og slekt, utsjånad og evner!
Denne oppgraderinga av individet på kostnad av ætt og lokalsamfunn er det som legg grunnlaget for at vi tusen år seinare har ein rettsstat basert på demokrati og menneskerettar. Det er noko ein bør kunna einast om uavhengig av om ein godtek dei metafysiske sidene ved kristendomen eller ikkje.






Olavskulten og byggjinga av Nidarosdomen er eit av dei klåraste bileta på at Noreg tok steget frå heidendom til kristendom. Her St.Jakob på portalen til katedralen olsok 2013. Krans frå Santiago de Compostela med sørgeband for dei omkomne i togulukka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar