søndag 30. mars 2014

Om jag glömmer dig, Jerusalem


"Vi erkänner att vi under många århundraden varit blinda för ditt utvalda folks skönhet och att vi  i dess ansikte inte känt igen dragen hos vår äldre bror. Vi erkänner att vår panna är märkt av Kains tecken. Under många århundraden har Abel  legat kastad på marken i blod och tåror därför att vi glömt bort din kärlek. Förlåt oss den förbannelsen vi orättvist uttalat över judarna. Förlåt oss för att vi på detta sätt korsfäst dig en andra gång. Vi visste inte vad vi gjorde… "
(Bøn forma av pave Johannes XXIII kort før han døydde.)
Sr.Sofie  Hamring OP tek utgongspunkt i denne bøna når ho skriv om møtet mellom kristendom øg jødedom i boka "Om jag glömmer  dig, Jerusalem." Tittelen er henta frå Salme 137 som i norsk omsetjing lyder: Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd.
Sr.Sofie som er har skreve om eit par gonger tidlegare er dominikanersøster i St. Dominikus kloster like utanfor Lund. I 2006 hadde ho eit sabbatsår der ho oppheldt seg i Jerusalem med tanke på å fordjupa seg i jødedomen, og ikkje minst det konfliktfylte forholdet mellom jødedom og kristendom.
For Sr. Sofie vart dette ei djupt gripande erfaring som både inspirerte og utvida hennar eiga tru.
Møte med jødane og jødedomen vert for henne ein reint fysisk manifestasjon av Guds usvikelege løfter. Vel heime skriv ho boka  "Om jag glömmer  dig, Jerusalem." som kom ut på Artos forlag i 2009. Det er ei personleg skildring av møtet med jødedomen, til dels i eit vakkert og poetisk språk.
Men det er og ein teologisk refleksjon over sambandet mellom jødedom og kristendom, om Den nye pakta som byggjer på Den gamle pakta. Gjennom Sr.Sofies innsiktsfulle skildring føl vi det jødiske året  frå nyttårsfeiringa Rosh Hashana til vekehøgtida  Chag Hashavout. På vegen får vi med oss så vel det bibelske grunnlaget for feiringa som slik det vert praktisert i dagens Jerusalem.
Dagens betente politiske situasjon kjem ho og inn på og ho åtvarar mot å lesa Bibelen "fundamentalistisk"; gjennom møte med menneske som arbeider for forsoning opplever ho ein stor nåde. Og når det ikkje er nok søkjer ho til den staden som gjev verkeleg kvile: Golgata.

”Där på stengolvet framför klippan tilbringade jag många timmar, ja säkert många dygn, och såg upp mot Honom som vi har genomborrat.”
Påskefesten, Pesach, Høgtida for det usyra brødet til minne om utferda frå Egypt blir eit høgdepunkt på i denne "jødiske reisa" til Sr.Sofie.  I fastetida  blir vi gjennom lesningane til tidebønene særskilt minna om korleis Israelsfolkets utferd frå Egypt peikar framover mot Kristi forsoningsverk. Men ellers i året blir vi og minna  om Kyrkjas jødiske arv   gjennom den daglege bruken av dei bibelske salmane frå morgonbøn til Kompletorium(siste tidebøn før natta).
Sr.Sofie går langt i å trekkja dette sambandet når ho skriv: Denna natt blir det alldeles tydelig för mig att det judiska folket är en sann epifani av Jesus. Den som möter judendomen möter Jesus Kristus ! Detta folk avslöjer något i hans mänskliga natur som är själva essensen i att vara människa: Jude, Jehudi betyder rent etymologisk ”den som tackar Gud”. Här är det folk som vet att lova Herren!”
Det er mykje som skal forsonast mellom kristne og jødar, Sr. Sofie kjem med sitt vesle men verdifulle bidrag. Det er heller ikkje tvil om at dei siste pavane , ikkje minst Johannes Paul gjorde mykje for å føra  forsoningsprosessen vidare.

 
"Ved elvane i Babel sat vi og gret
når vi tenkte på Sion.
Vi hengde lyrene
opp i piletrea.
Dei som tok oss til fange,
bad oss om song,
dei som bortførte oss,
bad om glede:
Syng ein av Sions songar
for oss"
 


 
 
 
 

tirsdag 25. mars 2014

Marimesse om våren

Bodskapen til Maria 26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
    
   
31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
    
   
32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
    
   
33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»
35 Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.
37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.


Det er 25.mars, ni månadar til jul og  Kyrkja feirar festdagen til minne om at Kristus vart unnfanga ved Den Heilage Ande slik det står i Lukas evangeliet, og slik det vart forutsagt av profeten Jesaja som er dagens første lesing (Jes.7.14).
Dagen har og vorte kalla Conceptio Christi eller Inkarnatio Christi(Kristi inkarnasjon). Best kjent er vel dagen som Maria bodskapsdag (Annuntiatio Mariae),  i gammal norsk tradisjon Marimesse om våren som eg har sett som overskrift. Dagen vart og kalla Vårfrumesse eller på dialekt der eg kjem frå Voffremyss.
Dagen har vorte feira frå trehundre talet då Den heilage Helena bygde ein basilika over huset i Nasaret. Men først på 600 talet har vi sikre kjelder om liturgisk feiring av dagen.
Etter det andre Vatikankonsilet har det offisielle navnet på dagen vore Annuntio Domini (Herrens bebuding), med det vektla ein at det er ein Kristus fest. Men det er og ei feiring av Marias ja som vi minnest kvar dag når vi ber Magnificat til Vesper.

På same måte som første juledag knelar vi denne dagen under Credo ved orda: Et incarnatus est de Spiritui Sancto ex Maria Virgine, et homo factus est.( Han er blitt kjød av Den Hellige Ånd av jomfru Maria og er blitt menneske). Slik ærar vi inkarnasjonens mysterium.

søndag 23. mars 2014

Jon Fosse: sov de mine kjære

sov de mine kjære

eit kvitt hus
ein veg der dei gamle konene kjem
ei og ei
to og to
dei går der og ber på veskene sine

og så kan song høyrast

og så drøs

og så spreier kaffilukta seg gjennom kroppane deira

ein traktor køyrer forbi på vegen

ein fjord
legg sitt lys i dei små vindauga
i det kvite huset

ei bøn kan høyrast

og endå ein song

og så mørknar det stille og fjorden legg seg innover landet
og dei gamle kvinnene går heimover

i små grupper Og så står bestemora mi

der i tunet
Ho seier at ho må legga pengane frå utloddinga
i skrinet sitt
der i skåpet

etterpå må ho og eg gå i floren
sauene må forast
og eg skal hjelpe henne
ta silofor ut or siloen Sov

de mine kjære

Og ver du ein god Gud

Sov de mine kjære er eit av dei vakraste dikta til forfattaren Jon Fosse. Det er ein høg himmel over dette diktet som handlar om barndom, om å vera ein del av ein slekts-samanheng, om kjærleiken til eins næraste, om dei gamle kvinnene som trufast har slete eit langt liv og som stolar på at det er noko større bak alt dette. Jon Fosse vaks opp på andre sida av og litt lengre inne i Hardangarfjorden enn der eg kjem frå , og vi er av same generasjon. Eg kjenner ein sterk slektskap med han, det var nyleg ytterlegare stadfesta av at han gjekk same vegen som eg har gått. Jon Fosse har og vorte ein del av Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Ulike vegar fører til Kyrkja, for Ulf Ekman var det nok teologien og kyrkjehistoria som var avgjerande, for Jon Fosse var det nokså sikkert mystikken, møte med det store mysteriet i Kyrkjas tradisjon og liturgi. For meg var det nok mystikken men og Kyrkjas svar på alle dei store spørsmåla både i ontologien og etikken. Likevel vil det til slutt alltid vera nåden som fører ein det  siste steget !

                                                   Madonna i St Dominikus kloster, Røgle i Skåne.

lørdag 22. mars 2014

Vivaldis konsert for gitar og orkester i D-dur




Kilden  torsdag 20. mars. Vivaldis konsert for gitar og orkester i D-dur med Per Kjetil Farstad på gitar, Knut Johannessen på cembalo og musikarar frå Kristiansand symfoniorkester.
Kvelden innheld fleire Vivaldi konsertar og blir ei stor oppleving. Det er likevel gitar konserten som innleiar kvelden som blir høgdpunktet for meg. Eg har høyrt musikken mange gonger før, men det er år tilbake, difor dukkar det og opp kjensler og assosiasjonar som eg ikkje er istand til å plassera. Kanskje er det og difor det blir så spennande og utfordrande, og eg kan seia til kvinna i nabosetet at ho må spela musikken for tvillingane sine på to år. Og det vil ho ! Så kan eg sykla heim i regnet og kveldsmørkre.


                     

Lenke til Vivaldis gitar konsert i D-dur ( RV 93)
http://www.youtube.com/watch?v=zuQ1Hfy_DNA

Twelve years a slave

"I will survive, I will not despair."  er gjennomgangstemaet i regissøren Steve Mc Queens storslåtte filmepos "Twelve years a slave" som for tida går på norske kinoar. Filmen  har fått strålande mottaking av kritikarane, og fekk Academy  Awards for beste film i  fjoråret.
Filmen går føre seg på 1840 talet, altså 20 år før borgarkrigen og den endelege frigjevinga av slavane i USA. Sjølv om slaveri framleis var lovleg i mange statar, lever afroamerikanarar som frie menn særleg i Nordstatane. Hovudpersonen Solomon Northup lever som ein fri mann med kone og born i Saratoga i New York, han livnærar seg som musikar og handverkar. I 1841 blir han lurt av to omreisande kriminelle, dopa ned, sendt til New Orleans der han vert seld som slave. I 12 år lever han som slave på ulike plantasjar i sør, og går igjennom den umenneskeleg behandlinga som dei fleste slavar vart utsett for på denne tida. Chiwetel Ejiofor gjer ei stor rolle både som den frie mannen og slaven Solomon. Etter 12  år lukkast det via ein omreisande kanadiar som er motstandar av slaveriet(spelt av Brad Pitt) å få gjeve beskjed til familie og støttespelarar. Solomon er endeleg ein fri mann som kan gjenforenast med familien sin. Filmen er basert på ei sann historie. Den historiske Solomon Northup var ein av dei få kidnappa slavane som lukkast i å bli frigjeven. Historia hans er blitt kjend gjennom boka han skreiv etter frigjevinga, "Twelve years a slave" som på tre år vart eld i over 30.000 eksemplarar. Då Steve Mc Queen som bur i Amsterdam tilfeldig kom over boka fekk han assosiasjonar til den statusen Anne Franks dagbok har i Nederland, og han fekk straks ideen til filmatisering av boka.
Slaveriet er ein av dei mørkaste kapittela i historia til menneska. Filmen gjer sterkt inntrykk ikkje minst på det faktum at sjølv om slaveriet vart oppheva er det enno hundre år fram i tida før afroamerikanarane får fulle borgarrettar.
Norge og Danmark er heller ikkje uskuldige nasjonar i denne samanheng, vi stod for omfattande slavehandel frå Afrika til Vest-India på 1600 -1700 talet.
"Twelve years a slave" er diverre og dagsaktuell, ein reknar med at det i dag er 20- 30 millionar menneske som lever under slaveliknande tilhøve. Så arbeidet mot slaveri er på ingen måte noko som høyrer 1800 talet til !

Solomon Northup og den første slaveeigaren som i motsetning til dei neste viste menneskelege trekk.

tirsdag 18. mars 2014

Ulf Ekman og katolisismen del II


Eg har tidlegare skreve eit innlegg med denne tittelen i midten av november i fjor.  Det var i samband med at sonen Benjamin Ekman nyleg hadde konvertert til katolisismen. I eit intervju svara Ulf Ekman sjølv tvetydig på om han var på veg til å gjera det same. Men han gav klart uttrykk for eit sakramentssyn og eit embetssyn som låg svært det katolske synet. Så viser det seg at det går mindre enn eit halvt år før han og kona tek det same steget. Det har vakt stor oppsikt i heile Norden og til dels har han blitt kraftig kritisert av sentrale personar i den karismatiske rørsla. Enkelte går så langt at dei kaller det eit svik mot det Ulf Ekman har stått for tidlegare. Men det er ikkje første gong han møter kritikk, meinigheten "Livets Ord " som han leia i nærmare tredve år har heile tida møtt krtikk, ja til dels fordømming. Kritikken har kome både frå sekulær side og frå andre kristne, og den har gått både på forma og innhaldet i denne karismatiske rørsla. "Livets Ord" vart sterkt sentrert om leiaren Ulf Ekman, og det har vel vist seg å vera ein av dei mest sårbare sidene med alle moderne vekkingsrørsler, enten dei er karismatiske eller meir tradisjonelt protestantiske. I staden for å byggja på Kyrkjas gjennomprøvde to tusen årige tradisjon, let ein seg riva med av ein veltalande person med sterk utstråling og leiarevne. Det held sjeldan i lengden, utan Kyrkjas struktur, tradisjon og ikkje minst paveembete vil ei slik rørsle fort falla saman når leiaren blir borte eller meir vanleg blir splitta opp i fleire konkurrerande meinigheter. Sannsynlegvis er det noko av dette Ulf Ekman har innsett og teke konsekvensen av. Det betyr naturlegvis ikkje at Ulf Ekman og  medlemmene i "Livets Ord" har hatt ei mindreverdig tru på personen Jesus Kristus, mange har og vil nok fortsatt finna seg til rette både der og i andre karismatiske menigheter. Like sikkert er det at overgangen til katolisismen vil styrka og rotfesta denne trua, ikkje basert på tilfeldige prestar og predikantar men på det ord Jesus uttaler til Peter: "Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne." ( Matt. 16.18)




Omslaget til ein av Ulf Ekmans bøker. Det ser ut til at han no endeleg har nådd fram til dei andelege røtene som er djupt festa i den katolske tradisjonen ! I fjor skreiv eg i ein blogg kommentar at dersom mange nok ba om det ville nok Ulf Ekman snart gå i sonens fotspor. At bønene skulle verka så fort hade eg likevel ikkje rekna med.

tirsdag 11. mars 2014

Dominikansystrarna i Rögle


Omkved: ”Jag skal föra dig ut i öknen för att tala till ditt hjärta.”

Sankt Dominikus kloster, dominikansystrarna i Rögle utanfor Lund ei vakker marshelg med sol  og blå himmel.

Møte i ”Nordisk förening för katolska läkare” men og ei helg med det søstrene kan by på: tidebøner, messe, stille bøn.  Som så mange gonger før glir ein fort inn i rytmen i klosteret frå laudes 0745 til kompletorium kl 20 følgd av kontemplasjon i det svakt opplyste vesle kapellet. Søstrene nyttar franske André Gouzes sine melodiar til tidebøner og messe. Songen er  bare akkompangert av dei spinkle tonane frå citar. Utruleg vakkert !

Dominikanersøstrene kom til Lund frå Montpellier i 1948, i 1956 kjøpte dei ein gammal gard i Rögle som vart til det noverande klosteret. Etter kvart vart det eit vakkert lite kloster med tilhøyrande gjestehus ute på den skånske landsbygda. Søstrene høyrer til kongregasjonen ”Les Dominicaines des Sainte Marie des Tourelles”- som  har sitt opphav i Sør-Frankrike der Dominikus grunnla eit kontemplativt nonnekloster på 1200 talet. I 1898 gjekk ei lita gruppe ut og grunnla eit nytt kloster i Montpellier. Søstrene der kom til å bli nokon av dei første kvinnene som fekk  høve til å fordjupa seg i teologi, filosofi og bibelspråk som i lang tid hovudsakleg hadde vore mennenes domene. Det er likevel bøna som er deira hovudoppgåve,  kyrkjas tidebøner som er bøna i fellesskap og den individuelle bøna, den indre bøna der ein nærmar seg Gud ” i tystnad.” Det som er så vanskeleg ute i verda med alle distraksjonar som dreg oss i så mange retningar. I Rögle vert det lettare å samlast om det eine viktige.

 

Omkved: ”Herre, hela mig så att min själ får liv ty jag hoppas på Dig.”



fredag 7. mars 2014

Mors gaver

"Alle vet det skal skje en dag. Det er naturlig å oppleve foreldres bortgang. Men når det skjer, så er det likevel ikke slik man har forberedt seg på. Det er en tom sorg, det er å kjenne seg som et etterlatt barn, selv om man er voksen. Det er vemod over tapt tid, anger over det som er sagt og det som ikke er sagt, og takknemlighet over alt som har vært fint."
Slik reflekterar hovudpersonen i Cecilie Engers siste roman "Mors gaver" som kom ut i fjor og vart svært godt motteken. Det er ein personleg prega roman om ei mor som gradvis glir ut av tida og inn i demensens mørke. Då dei skal rydda opp i barndomsheimen finn Cecilie moras sirleg nedtegna lister over alle julegåver som er gjeve og motteke i familien gjennom fire ti år. Med desse listene som utgangspunkt skriv ho så moras og storfamiliens historie. Minna knytar seg tett til det sanselege musikkstykke, lukter, årstider og konkrete gjenstandar som dei uttalige julegåvene vi alle har både gjeve og fått. Ei kort sanseinntrykk og så er ein tilbake ein sommardag i barndomen, eller kanskje den kjempefine festen då ein var seksten år!  Cecilie Enger knyter alt dette saman med notida og minna som for alltid forsvinn ut av moras medvit lenge før ho er fysisk død. Det er ei langvarig sorg som byrjar lenge før døden. Men ein må forsona seg med det og gå vidare inn i røyndomen.
På slutten av boka reflekterar ho over kva den friske mora ville tenkt om romanen. "Nitrist slutt",
"Forfatteren må jo få oss til å tro at det er håp! Hun kan ikke gjøre det mot hovedpersonen i boka. Hva slags moral er det ?"
Men slik er det likevel og ho avsluttar med moras ord til henne da ho var liten og vakna av  mareritt: " Og til sist vil hun se på meg med et tydelig blikk og si: Kom til meg. Hit, til virkeligheten"