torsdag 29. mai 2014

Poetica:Gjensyn

Tilbake i Bergen eit par vakre mai dagar. Gjensyn med mange gamle kjente. Kolbein Falkeid har eit fint dikt om dette som står i samlinga "Redningsforsøk" frå 1983.

"Så rart å møtes etter flere år.
Et "hvordan har du det" og "takk de går".
I farten får jeg ikke sagt deg mer,
men leser fort ditt ansikt og ditt hår.

Der går så mange fremmede omkring.
Men jeg ser ingen. Det fins ingenting
i noen små sekunder, bare du -
Det streifer hjerte som en fugleving.

Så fort og flyktig. Brått er alt forbi,
og vi går hver til vårt. Men kanskje i
det korte møtet myldrer tusen ord
som vel  var unødvendige å si.

Imellom mennesker som oss, som sto
så nær hverandre engang, går en bro
fra kyst til kyst, usynlig over sjø,
som binder dem til ett om de er to.

Hallo.Adjø."




Og her er mitt bidrag frå 2007 med same tittel "Gjensyn":
 
"Så no er vi her igjen
alle vi som prøver
å løyna oss for tida
vi som vil strekkja hendene
over ordlause kløfter
for å sjå kvarandre att
dei same hendene som
løfta glasa den gongen
og om igjen no
denne regnfulle første haustdagen
dei same augene som funkla
i ungdommeleg glede
og no i middelaldrande tvisyn
stemmene som tek opp orda
der dei slapp for lenge sidan
ein halvt fullført setning
som har levd i tid-rommet
og no blir henta ned igjn og avslutta.
 
Når vi tek farvel neste morgon
sluttar orda igjen midt i siste setning
ventande på fortsetjinga
dersom vi møtest igjen om fem år
men vinen er like raud og varmande."

Skreve til 25 års jubileum september 2007. Det gjekk seks og ikkje fem år til neste møte, men brått var tida likevel borte og vi var tilbake i "hugsar du den gongen som ...."

mandag 26. mai 2014

Liturgien på nynorsk

"Eg sannar for Gud den allmektige og for dykk, sysken, at eg har synda mykje i tankar og ord, gjerningar og forsømingar. Ved mi skuld, ved mi skuld, ved mi store skuld.
Difor bed eg den sæle Maria, alltid møy, alle englar og heilage og dykk, sysken: Bed for meg til Herren vår Gud."

Slik lyder syndsvedkjenninga som innleiar messa i den nynorske versjonen som vart presentert og teke i bruk for første gong i august i fjor. Sist laurdag vart den nynorske messeteksten nytta for første gong i St. Paul kyrkje i Bergen. Volda mannskor deltok med song frå den nynorske salmeskatten.
Det vart ei høgtidsstund for alle som var tilstades, ikkje minst for oss som har nynorsk som "morsmål".
Arbeidet med den nynorske messeteksten har vorte leia av filologen Ola Breivega, dessuten har Helge Gudheim, Haldor Slettebø og pater Arnfinn Haram delteke i arbeidet. Pater Arnfinn fekk diverre ikkje sjå arbeidet fullført, men han gledar seg nok i sin himmel over at teksten vart nytta på så fin ein måte.
Den nynorske messeteksten er ikkje formelt godkjent  enno, og ligg no hos Kongregasjonen for gudstenestene i Vatikanet.



                                                Altarpartiet i St.Paul kyrkje

søndag 18. mai 2014

Slump eller Guds logikk

Eg les "Humans who went extinct" av biolog Clive Finlayson. Undertittelen er "Why Neandertals died out and we survived." Finlayson argumenterar for at dette kjem ned til eit spørsmål om flaks eller slumpelukke om ein vil. " We have also seen throughout this book how we owe  our existence to chance. From asteroid impact to volcanic eruptions to simply being in the right place at the right time, we are here because of luck " skriv Finlayson. 
Når ein les evolusjonsbiologi eller kosmologi, frå big-bang til det moderne mennesket er det akkurat denne ekstremt vesle sjansen for at alt har utvikla seg slik det har som slår ein. Vi skulle eigentleg ikkje vera her, vi har hatt ein ekstrem grad av flaks som gjer at vi sit her som ein sju milliartedel av ein art som har vist seg som den mest vellukka så langt. Finlayson skildrar korleis mennesket , homo sapiens, var ein av fleire artar som levde parallelt for 50.000-100.000 år sidan. Grunnen til at vi overlevde var ikkje primært gener og intelligens, snarare eit spørsmål om "being at the right place at the right time", her spela ikkje minst dei mange klimaforandingane ei sentral rolle. Den mest kjente arten som levde parallelt med oss var dei såkalla neandertalane, men nyleg er et også funne restar etter andre menneskeartar som  levde i Sentral Asia for 30.000 - 50.000 tusen år sidan. Det har tidlegare vorte spekulerte i om vi utførte historiens første folkemord på desse andre gruppene. Eit anna sentralt spørsmål er om vi blanda oss med dei ? Det første er det ikkje sterke haldepunkt for, dei døydde sannsynlegvis ut pga. vegetasjons- og klimaforandringar. Neandertalmenneska  søkte etter kvart sørover i Europa frå sine gamle jaktmarker i nord og aust, dei siste levde i Gorhams Cave på sørspissen av Gibraltar for 24 -28.000 år siden. I dette perspektivet er  ikkje det så lenge sidan. Når det gjeld det andre spørsmålet vart det i 2010 publisert ein artikkel i Science der det vart rapportert om at litt Neandertal DNA vart funne i arvematerialet til moderne europearar og asiatar. Blandinga må ha skjedd tidleg sidan den vart funne over så store områder. Finlayson og andre med han oppfattar difor mennesket og neandertalar som undergrupper av homo sapiens. Ikkje så ulike likevel ?

Å lesa om alt dette er meir spennande enn kriminalromanar. Men meir viktig, det gjer meg uendeleg audmjuk og veldig imponert ! Når ein er som mest imponert stiller ein uvilkårleg spørsmålet: kva er eigentleg slumpelukke eller flaks ?  Når sjansen for ei årsaksrekke er så usannsynleg at det i praksis er heilt omogleg, kvifor sit eg likevel her og skriv ? Vi får kanskje ikkje eit vitskapeleg og logisk svar, men vi kan søkja andre stadar til dømes i litteraturen. Den franske forfattaren Georges Bernanos har mykje fornuftig å koma med, i "Dialogues des Carmelites" frå 1949 skriv han ein stad: " Ce que
nous appelons hasard, c`est peut-etre la logique de Dieu." ( det vi kallar slump er kanskje Guds logikk) Nærare kjem vi  ikkje ?



Åleine i vårnatta med natur forma av menneskehender, og spørsmålet om slump eller plan ligg brått ikkje i tankens logiske form men i sanseinntrykkas inngongsport til kunsten !


fredag 16. mai 2014

Så djup ei sorg


Så djup ei sorg                

Fjetra og fastnagla til augneblinken

blikket som glir gjennom krystallklårt  fjellvatn

der botnen er like nær som fuglesongen

pilande kjøer rømmer for sola

som med titusen stråler bit seg fast i vassflata

eg kunne ha drege attende dit eg kom frå

eller heller blitt verande her ?

 

så lang ein time, så ven ein dag

så kort eit liv som ber så djup ei sorg !

 

 

 

 

torsdag 15. mai 2014

Tåre du tarv ikkje falla

                                                       "Det var lite for deg
                                                       men mykje for meg:
                                                       Eit ord då det galdt
                                                       og eit handtrykk var alt.

                                                       Tåre,
                                                       du tarv ikkje falla,
                                                       eg veit du er salt."


Olav H.Hauges dikt "Tåre, du tarv ikkje falla" er frå samlinga "Under bergfallet " som kom i 1951.
 
Folkemusikk gruppa Valkyrien Allstars har sett tone til dette diktet som er eit av mine favoritt dikt:

tirsdag 13. mai 2014

24 år fylt av nåde




                     Thérèse

Tjuefire år

meir fylt med nåde enn tida

Thérèse, eg skimtar deg

gjennom skogen av brennande lys

og i den kvite rosa i hagen min

blikket bøygd mot jorda

av sommarregnet.

Thérèse frå Lisieux (av Jesusbarnet) døydde bare 24 år gammal i 1897. Som for så mange andre er ho også for meg eit ideal til inspirasjon og etterfølging. Og ikkje minst ei som trufast går i forbøn.

søndag 4. mai 2014

Eit einsretta samfunn ?



Aukande einsretting ?

Debatten om fastlegars reservasjonsrett når det gjelde henvisning til abort er ikke berre eit spørsmål om samvitsfridom det er og ein del av eit større samfunnsmessig problem, nemleg ei aukande einsretting.

Eg trur vi vi er i ferd med å få eit samfunn med mindre og mindre plass for meningsavikarar , kritiske røyster og personar som blir definert som sand i maskineriet. Dette omfattar dei fleste samfunnssektorar. Eit par døme frå media dei siste åra.                                                                                                                                    Norsk Redaktørforening offentleggjorde nyleg ei gransking som viste at halvparten av mellomleiarane i helse- , utdannings- , og politisektoren  opplevde at lojalitetskravet til leiinga var blitt strengare dei siste åra. Bruken av ”munnkorg ” er blitt  meir utbredt.

I 2012 vart overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus truga med oppseiing etter å ha gått ut og kritisert Helse Førde i media. Kjersti Toppe i Sp. kommenterte dette og karakteriserte det som ein ”fryktkultur”.

Tidlegare i år kritisert ein sjukepleiar i kommunehelsetenesta organiseringa av eldreomsorga  i kommunen. Ho opplevde i etterkant å bli forbigått i ei tilsetjing der ho var klart best kvalifisert.

Då ein fastlege i Bodø gjekk ut i media og  påpeikte mangel på sjukeheimsplassar i kommunen, fekk han klar beskjed om at det uheldig at ansatte prøvde å påverka politiske vedtak. Rådmannen sendte ein e-post til legens leiar der det blei gjort klart at slike media oppslag måtte stoppast.

Rana kommune har nyleg vedteke eit regelverk med følgjande formulering:

”Ytringer som kan knyttes til arbeidsforhold i kommunen og som er egnet til å svekke kommunens omdømme skal ikke forekomme”.

For to år sidan vart dåverande statssekretær i HOD spurt om kva ein fastleges oppgåve er. Svaret var at det er det som departementet til ei kvar tid vedtek.

Ei undersøkjing publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening viste at kvar fjerde lege var redd for sanksjonar dersom dei kom med kritikk mot leiinga. Det er interessant at den same undersøkjinga synte  at halvparten av legane  vart stressa av å handla mot sitt eige samvit !

Dette var eit par døme frå helsevesenet, ein kan heilt sikkert finna tilsvarande frå andre samfunnsområde. Det er ein klar trend mot at kritikk blir oppfatta som illojalitet mot systemet. Systemet vil ha lojale medarbeidarar som gjer jobben sin og elles held kjeft. Spørsmålet om reservasjonsrett er sjølvsagt ein del av denne einsrettinga. Det er bare synd at dei fleste ser dette som ein kamp om kvinners rettar når det er dreier seg om ein meir fundamental kamp, nemleg retten til å ha avvikande meiningar, å kunna stå fram med kritikk, følgja sitt samvit  og ikkje la seg knebla av systemet.

Vi feirar i desse dagar 200 års jubileet for grunnlova som også la  grunnlaget for ytringsfridom som ein fundamental borgarrett.  Kanskje er det ein aldri så liten bismak i  alle festtalene ?

 
 

torsdag 1. mai 2014

Om å lesa Richard Dawkins og bli katolikk

Richard Dawkins (f. 1941) er kanskje den mest profilert representanten for den såkalla nye ateismen.
Biolog og evolusjonsteoretiker, professor i Oxford men ei lang publikasjonsliste bak seg, både fagartiklar og populariserte bøker. Bøker som "Det egoistiske genet" og "Gud , en vrangforestilling"
(The God Delusion 2006) er utgjeve på norsk. Dawkins er aktiv til stades t i den offentlege debatten, og har etter kvart blitt ein aggressiv  motstandar av alle former for religion. Hans argument held ikkje alltid den vitskapelege standar som han sjølv hevdar, og kanskje kan retorikken hans ha heilt motsatt effekt av det han hadde tenkt ?
Amerikanske Judith R.Babarsky er eit døme på det, på bloggen sin skriv ho:" Reading Richard Dawkins led to my Conversion." Judith Babarsky har akademisk bakgrunn, ho driv rådgjevingsteneste og underviser mellom anna i bioetikk. Ho har protestantisk bakgrunn men har ikkje vore religiøst aktiv. Ein dag foreslår stedattera, som er overtydd ateist at ho bør lesa Richard Dawkins "The God Delusion". Judith byrjar å lesa men får lite ut av boka, ho opplever at argumenta hans ikkje held mål, han viser lite respekt for andre sine synspunkt og hans kunnskap om personen Jesus Kristus er i beste fall mangelfull. Dawkins preikar ein form for "fundamentalist atheism".
Ho innser at ho må leita vidare for å koma til full forståing av desse spørsmåla, ikkje  minst kven var Jesus Kristus?  " In Reading to refute Dawkins as well as educate myself and find answers to questions, I discovered the God-man Jesus Christ."  Så les ho pave Benedikts bok "Jesus fra Nazareth", "and that closes the loop."
"I choose to believe in a supernatural God and his son, The Word, Jesus. I believe in miracles. I believe that, while science has many valuable insights to offer us, it is not the final word."
Judith Babarsky tek konsekvens av sin hardt tilkjempa innsikt, og vart for eit par år sidan teke opp i Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Ho skriv på slutten av blogginnlegget om konversjonen at eit par år tidlegare hadde det at ho skulle bli katolikk vore ein heilt latterleg tanke.

"If anyone had told me five years earlier that i would one day become catholic, I honestly would laughed in their face and bet all my wordly possessions and then some that such a thing would never happen. Was I ever wrong! And had my stepdaughter not recommended that I read The God Delusion I might never have gone on to pursue my own honest and intellectual search for the meaning of my life. I would still be lost and wandering with only a convenient and partial faith."




 Richard Dawkins under ein kampanje der han reiser rundt i Storbritannia og propaganderar for ateisme og mot all religion. Men så kan altså kampanjen hans ha stikk motsatt effekt. Judith Babarsky er heller ikkje den einaste som har funne vegen til Kyrkja etter å ha lese Richard Dawkins . Fleire andre har kome med tilsvarande vitnemål.