mandag 25. mai 2015

Ei flukt frå røyndomen ?

Mange vil i dag hevda at religionen er ein flukt frå røyndomen, ein flukt frå det verkelege livet vi lever her og no. Den religiøse lever i ei framtidig paradisisk førestilling og fjernar seg dermed frå det eigentlege livet. Men kanskje er det eigentleg motsett, kanskje er det den sekulære  rasjonalisten som er den som flyktar frå røyndomen ?
Ein av dei som klarast har formulert eit svar på dette er forfattaren Sven Kærup Bjørneboe, ikkje så kjent som sin onkel men like opprørsk og viljug til å gå på tvers av den allmenne oppfatninga.
Og få har vel skreve om "skjærgårdsfolket" på Sørlandet med så stor varme og innsikt!
Her frå boka "De siste spørsmål" som kom i 1999.

"Religion, det religiøse..............en flukt ? En flukt frå den virkelighet som var for tung å bære ?
Men religiøse var jo først og fremst de som slapp livet inn på seg for full styrke, og nådde frem til hendelsene og tingene. Religiøse fordi de ikke kunne flykte, og ikke kunne trekke seg ut. De gikk til bunns, utan rasjonell forklaring på, eller rasjonelle bortforklaring, av livet. De var realister med hud og hår og ånd.
De religiøse var de som tilla hendelsene betydning. For dem var sorg og glede, drift og sanselighet svangre med mysteriøs hinsidighet, ved selve det alvor de virket på en. De sank til bunns på nåde og unåde, ned i det reelle, ned dit hvor gudenen venter og tar oss i favn."

Tidlegare tiders menneske forstod dette reint intuitivt.
" I enhver annen epoke enn vår ville det vært utenkelig å bruke virkeligheten som argument mot religionen. "De religiøse flykter frå det virkelige......"
I enhver annen epoke enn vår har folk visst, og respektert, at den sterkt religiøse også ble religiøs fordi han var rammet desto sterkere av denne vår felles gitte virkelighet, og dermed også en større realist."
Denne røyndomen er ikkje nødvendigvis dei store grensesprengane metafysiske opplevingane, kanskje tvert imot er det mest mysteriøse dei små daglegdagse hendingane, alt dette som utgjer "Denne underlege reisa" som vi vart kasta inn i og prøver så godt vi kan å fullføra. Dette er røyndomen som vi i vår rasjonelle overtru innbiller oss at vi forstår, men like under er ein avgrunn der vi fell inn i mysteriet og kanskje vert fanga opp av "mykje større hender".

"Men disse hendelsene, disse konkrete nære smertefulle hendelsene våre liv består av, de er så ufattelig reelle; bare sjeldan når vi helt inn i dem."
                               Å stå ute i mørkret og sjå det vesle lyset gjennom dogga rute.

                              

Poetica:Denne underlege reisa


Denne underlege reisa


Denne underlege reisa

frå tidløysa og inn i tida

og så ein dag tilbake i tidløysa.

Du tjuvstarta litt, men det er lov

når du no smiler det første tannlause smilet ditt.

Vi let oss så lett forføra

sjølv om vi berre skal følgja deg

eit lite stykke på vegen

men vi er bundne saman i genetiske spindelvevstrådar

forankra i molekyl og DNA spiralar

ei tidlaus rekkje der lagnad lever i lagnad

minne i minne, bore av større vernande hender.

Ein dag skal minna viskast ut

trulaust forsvinna inn i haustskodda

men kva gjer no det der vi står att

og ser smilet, dei ivrig sparkande føtene

og hender som vinkar

Velkomen - Adjø !


                               Små føter på veg inn i den store framtida


mandag 18. mai 2015

Alt det kyrkja har å gje oss

Innlegg i Vårt Land i dag 18. mai.


Morten Erik Stensberg skriv i Vårt Land 09.mai at Den katolske kyrkja handtering av saka omkring medlemsregistrering har ført han inn i ei eksistensiell truskrise. Som konvertitt med litt lengre fartstid forstår eg hans frustrasjon, men eg føl han likevel berre eit stykke på veg.

Han skriv innleiingsvis at han før konversjonen kjente til kyrkjas mangefasetterte historie, alle synder og fall opp igjennom historia. Trass i det synest han å verta svært overraska over norske katolikkars feilskjer og manglar ! Kyrkja er eit byggverk av ufullkomne steinar som slett ikkje alltid passar saman, som sklir ut og rasar saman. Alle er syndarar som kjem til kort og som sviktar gong etter gong slik Peter gjorde det. Men kyrkja er noko meir, kyrkja er og eit byggverk som er grunnlagt på Kristi ord til Peter. ” Du er Peter, og på det fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.” ( Matt 16)

Dei kristne har opp igjennom historia gjort det dei kunne for å øydeleggja kyrkja innanfrå, men dei har ikkje lukkast med det. At kyrkja likevel har klart seg er det klaraste provet på at Kristi lovnad til Peter ikkje var tomme ord. Det er etter mi meining det sterkaste Guds beviset (kanskje det einaste som held). Mor Teresa seier det slik:” Det som skjer på overflata i kyrkja vil gå over. For i Kristus er kyrkja den same i dag, i går og i morgon.”

Naturlegvis vert eg og oppgjeven og vonbroten over overgrepsskandalar og økonomisk rot, men det rokkar ikkje ved det grunnleggjande, trua er basert på Kristi lovnad ikkje på kva menneska finn på til ei kvar tid. Sjå ikkje på syndene våre men på kyrkjas tru vert det sagt i messa kvar dag.

Mange konvertittar går igjennom ein prosess som har sin parallell i menneskeleg kjærleik. Først ei forelsking som er mest basert på kjensler, næra av alt det kyrkja har å by på kan dette veksa til ein varig kjærleiksrelasjon. Det er kanskje det som har overraska meg mest, ikkje alle som fell og kjem til kort, men alt det kyrkja har å by på som næring til trua. Mysteriet i messa og sakramenta som ein opplever i den lokale kyrkjelyden, men og overalt i verda når ein er ute og reiser. Alle kyrkjas helgenar, alle bøker og skrifter, tidebønene, klostera, alle kunst, musikk og litteratur. Det dukkar heile tida opp noko nytt å gleda seg over. Akkurat no gler eg meg til 17.mai. nasjonaldagen ja, men og fordi kyrkja får ein ny helgen. Pave Frans vil helgenkåra vesle Mariam Baouardy OCD også kjent som Palestinas lilje. Ho var ei fattig og foreldrelaus kvinne frå Palestina - som vart karmelittsøster og levde eit kort og lidingsfylt liv på midten av 1800- talet. Det er ein viktig  dag for alle i Karmelittordenen. men og avdi vi kan sjå henne som eit symbol for alle forfølgde kristne i Midt-Austen i dag.
Eg vonar at Morten Stenberg kjem ut av si truskrise og igjen får auge for alt det kyrkja har gje oss.

Frode Thorup OCDS
konvertitt og sekulærkarmelitt

Melkittisk kyrkje i Ibellin der Den heilage Mariam vart fødd i 1846. Kyrkja er frå 2006.

søndag 17. mai 2015

Stein Mehren 80 år - til lukke med dagen !

Forfattaren Stein Mehren fylte 80 år 16. mai. Han er gammal og svekka no, men er ein av dei som har sett størst spor etter seg i norsk kulturliv dei siste femti åra. Det er hovudsakleg som lyrikarar han har vorte kjent, men Stein Mehren skreiv og romanar, drama og essay, i godt vaksen alder debuterte han også som biletkunstnar. Han debuterte med diktsamlinga "Gjennom stillheten en natt " i 1960, seinare har det vorte over 30 diktsamlingar. Stein Mehren gjekk sin eigne vegar uavhengig av det som har vore dei rådande retningane i tida. Medan andre forfattar skreiv politisk litteratur heldt Stein Mehren seg til dei tidlause poetiske tema, naturen og vår plass i den, døden og kjærleiken, meininga med livet. Ikkje minst har han skreve om vår oppleving av naturen rundt oss, korleis sansing av alle små detaljar knyter seg til minne frå den første barndomen. "Jeg ser tilbake i min barndom, jeg ser inn i sommers saler, myldrende blader."
Han kanskje mest kjente dikt som ofte blir sitert og som og er min favoritt er "Jeg holder ditt hode." frå diktsamlinga "Mot en verden av lys" frå 1963. Det lyder slik:

"Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes, gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd"

Enkelte tekstar ligg i grenselandet mellom poesi og essay som i "Menneske bære ditt billede frem":

"I vår frigjøringsbevisste tid har vi satt friheten som dødens kontrapunkt og motsetning, frihet definert som rettigheter. Men frihetens virkelige vesen er erkjennelsen av en handlings konsekvenser - stilt overfor dødens realitet! Det er ikkje rettighetene - men, vår mulighet til å erkjenne valget mellom godt og vondt, som røper vår grad av frihet. Det er over denne avgrunnen vår lengsel strekker seg etter evig liv. Erkjennelsen av at vårt stykke evighet er noe vi kan øde på veien mot døden. Øde gjennom å øde andres. Skades gjennom å skade andre. Vår udødelige sjel, er  det ikke det i oss som nekter å ta døden opp i seg. Det som bare blir er levende fordi det vet det skal dø. Det som skal dø og som derfor vil leve. Å erkjenne dødens realitet og bli meir levende av det: Menneske bære ditt billede frem."

Ord frå 40 år tilbake men vel så aktuelle i vår tid !





lørdag 16. mai 2015

Ein nye helgen 17.mai: Mariam Baouardy - Palestinas lilje


O Faithful rejoice”

Text : Mgr William Shomali


Music: Adapted from an old English melody,

thanks to Louai Zahr’s technical help

1.O Faithful rejoice

For the East is a Land of Saints,

Alleluia, Alleluia

Receive the Good News while singing

A hymn of praise to our Faithful Lord
Refrain :
Let us rejoice and sing

Alleluia, Alleluia, Alleluia !
2. The faithful living in Heaven

are powerful intercessors

Alleluia, Alleluia

For Men in the Land of Exile

They are an example of purity and clarity

3. Bless O Daughter of Galilea

People moaning in the dark

Alleluia, Alleluia

If they knock on the door of your goodwill

Quickly grant them peace !

4. You built a Carmel

Close to the Manger of Christ

Alleluia, Alleluia

There you received the stigmata

On the image of the wounded Saviour

5. Jesus was your love

He called you and you have answered

Alleluia, Alleluia

The Cross has become your way

On this Cross came forth the Redemption

6. Our Mother, O Alphonsine

Our Land is thirsty for reconciliation

Alleluia, Alleluia

Your love for the Virgin is so powerful

Implore Her tenderness on mankind

7. You have loved our Virgin Mother

whose beauty exceeds human mind

Alleluia, Alleluia

From Her you learnt self-giving,

humility and purity

8.You preferred silence of a hidden life,

You kept the secrets of Heaven

Alleluia, Alleluia

Walk along with us in the midst of difficulties

Towards the Sanctity of the Highest

9. Let us celebrate the Marys

Who lived in righteousness until death

Alleluia, Alleluia

Gaining a crown of splendor

And joy in the Eternity


I morgon 17.mai vil pave Frans kanonisera Mariam Baouardy saman med fleire andre søstre. Dette er den engelske versjonen av ein hymne skrev i dette høvet, den handlar om Mariam og ei anna palestinsk nonne, Marie Alphonsine grunnleggjar av kongregasjonen Soeur de Rosaire, som og skal kanoniserast i morgon.

Frå "Dossier Canonisation":
"17.mai vil pave Frans kanonisera fleire søstre i trua, mellom dei Den salige Mariam avden krossfesta Kristus - Mariam Baouardy, karmelitt og grunnlegggjar av karmel i Bethlehem og Nazaret. Ei lukkeleg hending, eit teikn på von og oppmuntring til å halda fast på trua for kristne og alle menneske av god vilje både her og i Midt-Austen i desse tidar av vanskar og motgong.
Kanoniseringa er eit høve til å gjera kjent og spreia vidt omkring fruktene av heilagdom i Den austlege kyrkja.  Ei gåve til heile kyrkja og ei utfordring til alle tradisjonar.
Mariam  er ei  "Bru" mellom kyrkjas to lunger, den austlege og den vestlege. Ho møter begge ved å føra tilbake til røtene og innby til fellesskap.
Å vera rotfesta i Kristus og halda fast eg fastlangs ein veg av von, treng begge desse band av brorskap og fellesskap, eit vitnemål om å vera trufast og heilag.
Mariams liv viser oss kva dette tyder i praksis."

Den heilage Mariam fødd i Ibellin,Palestina 1846, død i Bethlehem 1878.
 
Vi ser fram til morgondagen, ein dag av von og glede for alle i Karmel, for dei hardt pressa kristne i Midt-Austen og alle kristne i den verdensvide kyrkja. Heilage Mariam - be for alle men særleg for dei forfølgde i Syria og Irak !

http://mariamdejesuscrucifieblog.blogspot.no/

torsdag 14. mai 2015

Kristi Himmelfartsdag

Eg tek med eit lite utdrag frå ei preike Wilfrid Stinissen OCD har halde på denne dagen. Det som peikar fram mot eit større og djupare fellesskap som eingong skal verta  verkeleg.( Frå preikesamlinga "Som en skatt....")
"Det er noko som er enno viktigare: fellesskapet med alle dei heilage. Livet vårt på jorda er alltid eit liv i fellesskap. Ved oppstoda trer denne medkjensla med andre menneske saman med oss inn i himmelen. Der vil det visa seg at nåden, som Thomas Aquinas seier, alltid er ein "gratia fraterna", ein fellesskap-stiftande nåde. Alt her på jorda er samvær ei glede, og venskap ein av Guds mest dyrebare gåver. Men ikkje ein gong i det djupaste venskap er det absolutt opent, ein fullstendig gjennomsiktigheit for kvarandre. Aldri lukkast ein heilt med å avsløra sitt indre liv. Slik er det ikkje i himmelen. Der strålar ein ut alt ein tenker og kjenner. Og det vil ein og, for tilliten er total. Charles de Foucaulds ideal, å vera ein "frere universel", ein universell bror eller søter, blir då verkeleg for alle."

                                              Ascension - Kristus stig opp til himmelen

"Slik er vona vår, dette er den herlege arven som Paulus skriv om. skulle ikkje livet bli lysare om vi i litt større grad søkte det som er der opp, der Kristus sit ved Guds høgre side?"

mandag 11. mai 2015

1913

Det er hundre og to år sidan, året før den første store katastrofen som heimsøkte forige hundreår. Den unge tyske forfattaren Florian Illies har skildra dette merkeleg året månad for månad i boka "1913 Århundrets sommar" som har vorte ein internasjonal bestselgar. I bok føl vi ei rekkje kunstnarar og kultur personlegdomar månad for månad, men og statsleiarar som keiser Wilhelm og keiser Franz Josef, dessutan dei to som skal etterlata seg meir blod enn nokon andre, Hitler og Stalin.
Få tenkte på at året etter skulle krigen bryta ut, ein katastrofe som skulle koma til å prega resten av hundreåret heilt fram til vår tid. I 1911 kom til dømes Normann Angell med boka "The Great Illusion" som vart ein bestselgar. Her skriv han: " Den store krigen i Europa, som støtt truer i horisonten, vil aldri komme. Bankene kommer ikkje til å skaffe penger til en slik krig, industrien vil ikke holde den i gang, og statsmennene er ikke istand til det. Det kommer ikke til å bli noen storkrig." Psykoanalytikaren Carl Gustav Jung er kanskje meir framsynt, han har mareritt og er angstfylt,om dagen foreles han om schizofreni, om natta er han redd for å bli ramma av galskap. I eit av mareritta ser han for seg Europa drukna i ei gigantisk flodbølgje, det er mord lik og øydeleggjingar over alt. Men kanskje er det bare sin læremeister og no erkefiende Sigmund Freud han fryktar. Begge gruer seg til å møtast på psykoanalytiker kongressen til hausten, Freud støttar seg til dattera Anna, Jung til elskerinna Toni Wolf. Ja det er i heile mange elskerinner og erotiske konfliktar i denne boka, det står ikkje tilbake for dagens såpeoperaer, men den forskjell at dette er ekte levd liv. Målaren Oskar Kokoschka er så forelska i enka etter komponisten Gustav Mahler, Alma, at då ho forlet han til fordel for ein anna let han laga ein figur som er nøyaktig lik henne. Forfattaren Franz Kafka klarer aldri å avgjera om han skal satsa på sin kjære Felice, til slutt er toget gått. Thomas Mann skriv "Døden i Venedig" og kjempar med sine homofile impulsar, poeten Rainer Marie Rilke reiser frå den eine rike veninna til den andre, han er så hyperfølsam at ha aldri kan slå seg ned på ein plass lenge av gongen. Forfattaren Georg Trakl slit med sine indre demonar, det same gjer kunstnaren Camille Claudel(søstera til Paul) som aldri kjem over tapet av Rodin og endar på mentalsjukehus.
Og midt i dette finne vi keisarane i Tyskland og Østerike-Ungarn, dei dreg på jakt og skyt eit absurd antall rådyr, villsvin og fasaner. Tronarvingen Franz Ferdinand som året etter blir drept i Sarajevo saman med sin Sophie er frose ut av det gode selskap, han har gjort den dødssynda å gifta seg under sin stand.
Slik går dette merkeleg året, Robert Musil slit med sin nevrasteni(ME?) og  gjev ut det som skal bli ein klassikar "Mannen utan egenskaper", det same gjer Marcel Proust med "På sporet av den tapte tid" og James Joyce med "Ulysses. Edvard Munch målar "Sjalusi", Stravinskij får framført "Vårofferet", Adolf Hitler bur på ein liten hybel og målar akvarellar av Stefansdomen, det er nok til å halda seg i liv, han går tur i parken, det same gjer Josef Stalin, kanskje passerar dei kvarandre ein kald vinterdag i Wien, dei helsar neppe på kvarandre.
Og så står ragnarokk for døra, ingen tenkjer lenger på året 1913.



Forfattaren Rainer Marie Rilke er ein sentral person i Florian Illies bok om året 1913.

søndag 10. mai 2015

Notre Dame de Paris - eit gjensyn


Nôtre Dame de Paris


Eg deler deg med så mange

alle dei som kvar dag kjem her

for første gong eller som ein dagleg vane,

dei som berre kjem for å sjå og dei som vil tilbe.

Likevel kjennest det som du er mi

på ein heilt spesiell måte

ei eg ikkje kan dela med andre

kanskje med unntak av Paul Claudel ?

Vi møtest så sjeldan,

men gjensynet er desto varmare

når eg finn min plass ved alteret til Thérèse,

i eit av kapella bak hovudalteret,

eller ved søyla til høgre der Paul Claudel

lytta til Magnificat første juledag !

Du vigd til henne som sa ja og aldri angra

og difor kan løfta mine bøner inn til

det som er svar på alle bøner.


"Å min Gud - jeg minnes denne skumring hvor vi var alene, ansikt til ansikt med hverandre, de mørke vinterdagene i Notre Dame. Jeg holdt meg helt nederst, og opplyste ansiktet til den store bronse- Kristus med et vokslys til 25 centimes. Den gang var alle imot oss - vitenskapen, fornuften. Alene troen bodde i meg, og jeg betraktet deg i stillhet lik en mann som foretrekker sin venn."
Paul Claudel

onsdag 6. mai 2015

Eg ser inn i augo dine

Maikveld på fjellet. Fullmåne i aust og i vest Venus, solklår og skjelvande.
Jakob Sande sitt dikt "Eg ser inn i augo dine" dukkar opp i tankane. Det er vakkert tonesatt av ein annan vestlandskunstnar folkemusikaren Sigrid Moldestad. Alt samlar seg til ein heilskap, og vakrare kan det ikkje bli !

"Eg ser inn i augo dine
det er som ein stjernekveld
dei strålar og skin mot mine
med glans av ein evig eld.

Stjerner og sylvblank måne
lyser på djupblå kvelv
og stilt upp i eterblåne
står Venus solklår og skjelv.

Lysande vederbogar
eldskrift i rømdi dreg
himmelhøgt mot meg logar
å kor eg elskar deg."

"Så lenge skal eg elska deg som tid og sandkorn renn." (Robert Burns)

Lenke til Sigrid Moldestads konsert på Åmot operagard i fjor.
 
https://www.youtube.com/watch?v=T5ipsnZ3XpU

mandag 4. mai 2015

I natt har graset vorte grønt

"I natt har graset vorte grønt.
Ein fugl freistar å syngja,
skodda ris
og soli kjem yver snøfjelli.
Frå morgonar for lenge sidan
slær gleda på sitt koparskjold."

Det er dei små kvardagslege detaljane som er viktige. Olav H. Hauge var ein meistar i å formidla akkurat det. Dette vakre vesle diktet innleiar samlinga "Spør vinden" som kom i 1971.

Den skotske poeten  Kenneth Steven formidlar og mysteriet i  dei daglegdagse små detaljane i sine dikt. Her eit frå "Evensong" som kom i 2011.

"Sometimes it is no more extraordinary
Than going for water from a well.

Or a bird coming soft as a cloth out of winter sky
To alight on the palm of your hand."


                               Graset blir grønt i Laudal i Setesdal !

fredag 1. mai 2015

To rekkjer på stranda

"Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han. Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.  Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.»  Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyra, og alle som ein storma dei mot han. Dei dreiv han ut av byen og steina han. Og vitna la kappene sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus.  Dei steina Stefanus medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd.»  Så fall han på kne og ropa høgt: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, sovna han inn. "
(Apg 7,54-60)

Denne bibelteksten frå Apostelgjerningane som skildrar Stefanus martyrium vart også nytta i ein traktat som det egyptiske bibelselskapet distribuerte etter drapet på 21 kristne menn i Libya i februar i år. Den koptiske kyrkja har alt gjort desse 21 martyrane til helgenar slik Den armenske kyrkja nyleg gjorde med dei 1,5 millionar offera for folkemordet for snart hundre år sidan.
Traktaten inneheld bibelvers og eit dikt til minne om desse 21 egyptiske martyrane og er distribuert i fleire millionar eksemplarar i Egypt. Kristen og muslimar har stått saman i felles avsky over desse meningslause drapa.

To rekkjer på stranda

"Det går to lange rader ved havet på ei strand
ein dag då tårer fløymer i alle folk og land.

ei rad med menn som trur deira drap fortener ros,
ei rad med skuldlaus ungdom som ser eit anna ljos,

ei rad som lyfter handa; der blenkjer det ein kniv,
ei rad med bundne hender og verjelause liv,

ei rad med mørke hetter der hatet lyser ut,
ei rad som lyfter blikket og skodar opp mot Gud,

ei rad som står og ventar med død og drap og slag,
ei rad som kneler, vende mot himlens andedrag,

ei rad som spyttar hat og forakt og vreide ut,
ei rad som andar ro og ein fred som er av Gud.

Sei meg ein ting:
Kven er redde for dei andre ?

Rada i oransje, som ser i himlen inn ?
Rada kledd i svart, med så øydelagde sinn ?"

                                      Koptisk ikon med Kristus og dei 21 martyrane