torsdag 29. september 2016

Minnedagen for den heilage Therese

1.oktober feirar vi minnedagen for Den heilage Therese av Jesusbarnet ( av Lisieux). Ho har vorte ein av vår tids mest populære helgenar, og har vore til hjelp for mange, ikkje minst for oss i karmelittordenen. Therese levde frå 1873 til 1897, vart saligkåra i 1923 og heilagkåra i 1925. I 1944 vart ho utnemnt til skytshelgen for Frankrike saman med Jeanne d`Arc.  I 1997 utropte pave Johannes Paul henne til kyrkjelærar. Bodskapen til Therese favnar kjernen i kristendomen,noko som kjem klårt fram i følgjande sitat frå "Offerakt til Den Barmhjertige Kjærlighet":

"Ved dette livets aften vil jeg tre frem for deg med tomme hender, for jeg vil ikke be deg, Herre, om å telle mine gjerninger. Alle våre rettferdige gjerninger er ufullkomne i dine øyne. Jeg vil derfor ikle med din egen rettferdighet og med din kjærlighet få eie deg i all evighet. Jeg vil ikke ha noen annen trone, ei heller noen annen krone enn deg, å , du min Elskede !.....
I dine øyne er tiden som intet, en dag er som tusen år; du kan derfor i et nu forberede meg til å tre frem for deg....."



Ikon av familien Martin. Foreldra til Therese  Louis og Zelie  vart i fjor heilagkåra.

Mikkelsmess

I dag 29. september feirar vi det som frå gammalt vart kalla Mikkelsmess men og St.Mikaelsfest, Mikaeli eller Buferdsdagen. Dagen var heilagdag fram til 1770 og er i det siste igjen  teke inn i liturgien til Den norske kyrkja. Frå gammalt var det ein viktig høgtidsdag, men og ein viktig dag i den gamle årsrytmen, no skulle avlinga og dyra vera i hus, vinteren kunne trygt koma.

I katolsk tradisjon var dagen opprinneleg dagen for erkeengelen Mikael, dei to andre erkeenglane Rafael og Gabriel hadde andre festdagar, men frå 1969 vart desse slegne saman til ein minnedag for alle dei tre erkeenglane.
Erkeengelen Mikael (Kven er som Gud?) var etter tradisjonen leiar for dei englane som var trufaste mot Gud. Han leia dei i den sigerrike kampen mot Satan og er nemnt felire stadar i både Det gamle og Det nye Testamentet.

Gabriel (Guds kraft) møter vi fleire stadar i Bibelen. Han kjem med bodskapet til Sakarias om fødselen til Johannes døyparen, han viser  seg i ein draum for Josef, men aller viktigast er når han kjem med bodskapen til Maria og ho helsar han med det vi kjenner som Magnifikat.

Rafael (Gud har lækt) har og blitt æra frå dei tidlegaste tider særleg i Aust-Kyrkja. Han blir gjerne identifisert med engelen i Joh 5.4 som stig ned i dammen og rører opp vatnet  slik at den som stig ned i det blir lækt frå sjukdom.



"Havet bruste og jorden skalv da erkeengelen Mikael steg ned fra himmelen."

"Engelen Gabriel viste seg for Sakarias og sa:Din hustru Elisabet skal føde en sønn og han skal kalles Johannes."

"Jeg er engelen Rafael som står for guds åsyn, men dere, takk Herren og fortell om hans underverk."

(antifoner frå tidebønene)

fredag 23. september 2016

Padre Pio

Vi feirar i dag 23.september minnedagen for Padre Pio av Pietrelcina. Han døydde på denne dagen i 1968 og er ein av vår tids mest populære helgenar .
Padre Pio vart fødd i byen Pietrelcina nordaust for Napoli i 1887. Foreldrene var fattige og i oppveksten var han mykje sjuk. Alt som barn vist han seg som svært religiøs, og alt som femtenåring slutta han seg til kapusinerordenen. Han vart prestevia som 23 åring. Alt tidleg fekk han eit ry som ein heilag mann, då ei rekkje mirakuløse fenomen vart knytta til padre Pio. Det ein gjerne assosierar han med er stigmata, han fekk Kristi sårmerke alt under først verdskrigen og beheldt dei til sin dødsdag. Vel så viktig var nok det rykte han fekk som skriftefar og andeleg rådgjevar, hundretusenvis av menneske opplevde å få tilgjeving for sine synder og ein ny start i livet i møte med Padre Pio.
Vatikanet var i utgongspunktet svært skeptisk til dei mirakuløse fenomena knytta til Padre Pio, han fekk i periodar sterke avgrensingar på sin aktivitet og det vart planlagt å flytta han bort frå Pietrelcina. Det førte fleire  til store folkelege protestar ,og Vatikanet måtte gje seg  la han bli verande i heimbyen.
Under både første og andre verdskrig er det ei rekkje vitnemål frå soldatar som i kampsituasjonar hadde sett ein mann som dei seinare kjente igjen som Padre Pio.
I 1947 skal den då unge presten Karol Wojtyla seinare pave Johannes Paul, ha oppsøkt Padre Pio. Padre Pio skal då ha sett han for seg med kvite, blodige klede.
Ved eit anna høve skal ein av hans tilhengarar ha sagt til Padre Pio at han ønskte å bli ein helgen. "Eit frykteleg yrke, min son", skal Padre Pio ha svart.

Padre Pio var i si levetid ein omstridd mann, mange var svært skeptisk inkludert Vatikanet. Det vart hevda at han framkalte sårmerka sjølv med etsande væske og sånn sett ein humbugmakar. Grundige medisinske granskingar gav ingen god forklaring på sårmerka.
Etterkvart snudde også Vatikanet og i 2002 vart han heilagkåra av pave Johannes Paul. Meir enn 300.000 skal ha vore tilstades ved denne heilagkåringa og det understrekar kor populær han  etter kvart hadde blitt ikkje minst i heimlandet Italia. Pietrelcina har etterkvart blitt ein av dei viktig pilegrimsmål i Europa.
I vårt rasjonelle og sekulære land er det nok vanskeleg å forhalda seg til dei mirakuløse og overnaturlege sidene ved denne helgenen, og det treng vi vel heller strengt tatt ikkje. Vi kan velga å sjå  på dei mange som oppsøkte Padre Pio og opplevde at dei fekk hjelp av han. Dei er godt nok vitnemål om at han var ein heilag mann !



                                  Frimerke gjeve ut i samband med heilagkåringa av Padre Pio

Poetica:og

Og

..og augustmorgon skodde og tynt yr tunge steg i vasstung myr
der spindelvev tyngd ned av vassperler som ville glitra i solstrålene
ein annan morgon der ein bøyer seg over bæra varleg og ber dei med seg som ein alltid har gjort og trudde at dette var nytt likevel og ljoset vart tynnare og
smalare ein strekte armen ut som eit teikn lyttande til lydane av levande
vatn og fuglevenger som tøyer dagen attom dette ei svak susing ein
kunne kjenna det som yret mot huda enno varm av sommartimar og gå
slik attende berande på lukter og tankar iforventning meir til det som har
vore her og gjentek seg alltid enn det som skal koma og vera som noko nytt
innimellom alt det andre ein dreg på som no ikke er her men berre
som gjenlyden mellom desse løynde berga vaktande over myr og lynghei
og bekken som vitnemål talar varleg og skarpt inntil roen i glinsande
vasskorpe over djup som lyttar og dreg skimtar som i matte speglar trøtte
av altfor mange andlet og tida som no berre er eit svakt rop som kan
rørast med fingrane plukkast lik eit moge bær berast heim rørast ut med
sukker over svak varme og settast lokk på gøymd i kjellaren slik knuste
bær og knuste augneblinkar blir blanda sett bort og ein dag opna smakast
på du kjenner denne ømme smaken av augustmorgon yr og armar som strekkjer
seg utover og det er ingen skilnad lengre det gjentek seg varleg og………..



søndag 18. september 2016

A new path to the waterfall

Diktsamlinga "A new  path to the waterfall" kom ut i 1989, året etter at den amerikanske forfattaren Raymond Carver døydde bare femti år gammal. Boka var redigert av kona Tess Gallagher som og har skreve eit utfyllande forord. Boka innheld dikt og korte notater Carver skreiv det siste året han levde etter å ha fått diagnosen langtkomen lungekreft. Innimellom er det sitat av kollegaer Carver sette høgt, framfor alt  Anton Tsjekov ( Carver er blitt karakterisert som ein amerikansk Tsjekov) men og andre som Tomas Tranströmer og Czeslaw Milosz. Boka vart svært godt motteken, Mellom anna Salman Rushdie skreiv  ein rosande omtale :" Poems strong enough to turn inevitable death into art ....... Read it. Read everything Carver wrote.... Raymond Carver was a great writer."

Er dette ei mørk og deprimerande bok ? Ja, her er mørke i Carvers fortid som han og skildrar i desse tekstane, oppveksten var tøff og som godt vaksen heldt han på å drikka seg ihel. "And he was going nowhere but down.So he changed his ways somehow. He quit drinking !" skriv han i diktet "Gravy".
Men hovudinntrykket er møtet med ein mann som har forsona seg med både livet og døden.

No need


"I see an empty place at the table
Whose? Who else`s ? Who am I kidding ?
The boat`s waiting. No need for oars
or a wind. I`ve left the key
in the same place. You know where.
Remember me and all we did together.
Now, hold me tight.That`s it. Kiss me
hard on the lips. There .Now
let me go, my dearest. Let me go.
We shall not meet again in this life,
so kiss me goodbye now.Here, kiss me again.
Once more.There.That`s enough.
Now, my dearest, let me go.
It`s time to be on the way."

Kjærleiksdikta til kona Tess (dei gifte seg like før han døydde etter å levd saman i mange år) som redda han då alkoholen held på å ta knekken på Raymond Carver, er små høgdepunkt.

Hummingbird

for Tess

"Suppose I say summer,
write the word "hummingbird,"
put it in an envelope,
take it down the hill
to the box.When you open
my letter you will recall
those days and how much,
just how much, I love you."


Og så til slutt på siste side dei optimistiske og forsonande orda i "Late fragment", Dei står og som ei innskift på gravsteinen til Carver.

"And did you get what
you wanted from this life, even so ?
I did.
And what did you want ?
To call myself beloved, to feel myself
beloved on the earth."



Poetica:Ein ny sti

Ein ny sti


Ein ny sti til kjelda
kvifor oppdaga eg det ikkje før 
eg som gjekk forbi der så mange gonger ?
Kanskje var det boka eg las
«A new path to the waterfall»
dikta Raymond Carver skreiv  det siste året han levde 
og såg klårare i vissa om at dagane var talde,            
eller var eg berre meir merksam 
ekstra klårsynt denne haustdagen ?
Eg føl stien som snor seg gjennom 
tett kratt innover skogholtet
der trekrunene legg svalande skugge over meg
for så å munna i ei glenn i skogen
der sola lyser opp og kjelda spring fram.
Kruset kan fyllast med kaldt septemberklårt vatn
løftast til leppene, ein første munnfull
lyttande – ingen uro, ingen
er dette svaret ?




mandag 5. september 2016

Mor Teresa - ein helgen for vår tid !

Mor Teresa av Calcutta vart i går formelt erklært som helgen av pave Frans. Det vart nemnt også i norske media der helgenkåringar vanlegvis ikkje er av så stor interesse. Med Mor Teresa var det annleis, mange også i vårt land har sett på henne med beundring ikkje minst etter at ho vart tildelt Nobels fredspris i 1979. Men det har og kome mange negative røyster. " Vårt Land har ei framside med bilete av Mor Teresa og tittelen "Kan en helgen bli for god?" Dei har intervjua prest Gyrid Gunnes, ho er som forventa negativ og meiner Mor Teresa har fått eit ufortjent godt rykte, ho kjempa ikkje mot fattigdom men dreiv eit prosjekt der det handla om å dyrka eigne idear. Henne om det. Filosofen Einar Øverenget ser heller ikkje på henne som eit ideal å sjå opp til. Den kjende ateisten Christopher Hitchens går enno lenger i sin kritikk.
Eg vel heller å lytta til ein som kjenner India frå innsida nemleg den syro-malabariske erkebiskopen
Baselios Cardinal Cleemis som og fungerar som president i den Katolske bispe-konferansen i India.

I eit intervju seier han. " It`s a great moment of joy and satisfaction for the Christians in india and also as a nation for the society of India, that one of our citizens and one of us i being greatly honored by respective bodies in the world, For example, starting with the  most valued honor given to Mother Teresa when she was living:" Bharat Ratna" that means "Jewel of India". And then the the world community honored her with the Nobel prize , and now for a person from the faith aspect, the highest honor that heaven can confer  is sainthood. Si it`s a beautiful blend of these two realities: acceptance of the human society, acceptance of the divine, or as we say heaven, that Mother Teresa is a saint. And it`s a matter of great joy for everyone, those who believe from the faith aspect, those who believe from the missionary aspect and those who believe in the service aspect. For everyone it`s  a great day of joy and satisfaction."
Slik er det mange indarar ser på henne, for ho var også ein brubyggjar respektert av såvel muslimar, som hinduar og buddhistar. Nyleg stor ein framståande muslimsk skiftlærd fram og uttrykte sin beundring for Mor Teresa. Ho var ein inspirasjon også i hans arbeid mot fattigdom.

Eg møtte henne først gong i Malcolm Muggeridge reportasje bok "Something beautiful for God". Muggeridge intervjuar henne og føl arbeidet som ho og søstrene driv blant ei fattige. For Muggeridge vart det eit vendepunkt og førte til at han eit par år seinare vart teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap. Han skreiv følgjande: " For me, Mother Teresa of Calcutta embodies Christian love in action. Her faces shines with the love of Christ on which her whole life is centered, and her words carry that message to a world which never needed it so much."

Mor Teresa skeiv ikkje så mykje, til det var ho for travelt oppteken med å organisera sitt arbeid for dei fattige. Når det det vert ytra kritikk mot negative trekk ved Kyrkja  og enkelt personars svik ville ho ha svara: " Today what is happening in the surface of the Church will pass. For Christ, the Church is the same, today, yesterday and tomorrow. The Apostles went through the same feeling of fear and distrust, failure and disloyalty, and yet Christ did not scold them."