tirsdag 30. mai 2017

Naive konvertitter ?

Denne innlegget blei trykt i dagens utgåve av Vårt Land. Det er mitt svar på ein artikkel av professor emeritus Finn Erik Vinje som stod i Vårt Land 26. mai. Han gjev der uttrykk for si undring over at oppegåande og velutdanna akademikarar og kunstnersjeler kan føla seg tiltrekt av katolisismen. Han er også svært kritisk til helgenkåringar med bakgrunn i  medias dekning av pave Frans reise til Fatima i høve hundreårsjubileet for Jomfru Marias openberringar til tre små barn i mai 1917. Innlegget hans har ein harselerande og lite seriøs utforming, likevel følte eg at det var på sin plass å koma med eit motinnlegg.






































































fredag 26. mai 2017

Josef tømmermannen

Forfattaren Paal-Helge Haugen kom i 1990 men  diktsamlinga "Meditasjonar  over Georges de la Tour" som er ein diktsyklus inspirert av denne franske 1500 talls kunstnaren. Eg las diktsamlinga då ho kom og på ny no, og vart grepen av korleis orda blir ei forsetjing av det lys og mørkre som Georges de la Tour prøvde å få fram i bileta sine. Dei er heilt unike, eg har aldri sett noko liknande og det hadde nok heller ikkje Paal-Helge Haugen då han skreiv boka for snart 30 år sidan. Her diktet  om Josef, tømmermannen som også har inspirert meg.

XXVII
(Josef , tømmermannen)

Så kjem den, til sist
rislande ned over hovudet
hals hender
umerkeleg veksande straum
av nåde, ufortent
for den tørst som aldri
kan sløkkast

Vaskar bort den silande oska
frå nedbrende dagar
som rann mellom fingrane

Ei flodbølgje gjennom brakkvatn
forlist meining, rekved

Kom møt den, du som kan
Kom la deg fylle
før verden igjen blir til stein
før du kverv inn
og under


Biskop Anders Arborelius om sakramenta

Karmelittbroder og no biskop og kardinal Anders Arborelius kom for 30 år sidan med boka "Trosmedtation" som er ei samling artiklar om sentrale tema i katolsk tru. Ikkje minst er kapittelet om Maria vel verdt å lesa. Kapittelet om sakramenta oppsummerera på ein klar måte det som er kjernen i det sakramentale:
I Jesus Kristus møter vi heile Guds røyndom  i eit skapt vesen, Det kristne heilskapssynet er bestemt av inkarnasjonen. Jesus er Faderens sakrament som er kome til verda for å føra menneska tilbake til Han som er alle tings utgangspunkt og mål. " Det finst ikkje noko anna Guds skarament enn Kristus" som Augustin uttrykkjer det.
Sakramenta har samstundes både  ein jødisk og allmenn-menneskeleg bakgrunn, Det Jesus gjorde og sa bygde alltid på Israels trus samstundes som det hadde eit vidare perspektiv som omfatta alle menneske over alt og til alle tider. Sakramenta er uttrykk  for Guds objektive vilje til å frelsa oss og nåden som verkar i sakramenta er heilt hans verk (ex opere operato) Vi kan ikkje framkalla hans nærver gjennom tru og kjærleik, for han er alt der eit steg framom oss. Vår evne til å ta imot (ex opere operantis) er eit resultat og eit svar på Guds frie gåver. Gud vil gje menneska seg sjølv og det kan bare ta imot med sine to tomme hender.

Dei sju sakramenta uttrykker på ein priviligert måte korleis Kristus er nærverande og verkar i verda. Gjennom dei blir vi leia inn i varig felleskap med Han som alltid er nærverande.
I Kyrkja vil det alltid vera eit fruktbart samspel mellom det sakramentale og det karismatiske. Det som knyter dette saman er Den heilage Ande som  verkar gjennom sakramenta og gjer at dette er meir enn bare teikn og symbol, men og uavhengig av desse over alt der menneska ferdast.
"Sakramenta leiar oss alltid inn i Guds fulle fellesskap. Dei frir oss frå oss sjølve og det at vi er inneklemt i vår trange verd. Vi får nøkkelen til Guds verd, slik at vi kan møta Han i alle ting. Ingenting treng skygga for utsikten. Alt er gjennomskinleg. Heile den nye skapelsen  er oppfylt og gjennomlyst av den herleggjorde Kristus." avsluttar biskop og kardinal Anders Arborelius.




mandag 22. mai 2017

Gratulerer biskop Anders !

Norden fekk sin første kardinal då pave Frans i går utnemnde biskop Anders Arborelius OCD til ein av fem nye kardinalar. Den formelle utnemninga ville finna stad i Roma 28.juni. Karakteristisk nok visste Anders Arborelius ingenting om dette på førehand og han fekk veta det via media.
Anders Arborelius vart fødd i 1949 og konverterte til katolisismen 20 år gammal og gjekk inn i karmelittklosteret i Norraby to år seinare. Han vart prestevigd  i 1979 og utnemnd til biskop av Stockholm i 1998. I Sverige blir han rekna som menneskeleg svært omgjengeleg og open for økumenisk samarbeid. I fjor haust tok han imot pave Frans i Lund i samband med reformasjonsjubileet.
Han har skreve ei rad bøker, dei fleste med utgangspunkt i karmelittisk spiritualitet.
Eg har personleg møtt han ein gong, det var ei eintydig sterkt positiv oppleving.
I boka om Elisabeth av treenigheten  "Ditt nærver er min glede" har han skreve  "In Laudem Gloriae (han valgspråk) I bønens enhet." Underteikna Anders Arborelius ocd.




søndag 21. mai 2017

Issadalen

"Han vendte tilbake drukken av inntrykk, først og fremst av skogsvåren, hvis skjønnhet ikke lå i noen enkelt detalj, men i det tusenstemmige koret av forhåpninger. I tretoppene, som spisset seg sorte mot solgladshimmelen, fløytet trostene sin melodi, og høyt oppe i luften brekte bekksinene lik lam som tumlet seg etsteds i det fjerne, bak det grønnrosa silkeskimmeret."

Slik opplever den 12 årige Tomasz våren i Issadalen i nobelprisvinnaren Czeslaw Milosz skilding i romanen "Issadalen" (Dolina Issy). Tomasz veks opp i dette  innsjølandet på grensa mellom Polen og Lithauen der Milosz skildrar ein barndom som også er hans eigen i tida like etter første verdskrig. Boka kom i 1955 og Milosz hadde då flykta frå det kommunistiske Polen til USA, og kanskje er det eit ikkje eit ubetydeleg element av heimlengt og nostalgi i boka.
Tomasz veks opp hos besteforeldrene, foreldrene driv sine prosjekt langt borte forhindra av grenser og krig til å henta han. Men det er ingen dårleg oppvekst for eit barn som er kjenslevart og glødande interessert i alt rundt seg. Issadalen er eit magisk univers, ei verd fylt med eventyr og urgamle myter der dei underjordiske vesenar er like verkelege som fuglane i lufta. Her er fortida like nærverande som no tida, dei eldgamle heidenske forestillingane ligg like under katolisismen. ( Lithauen skal ha vore eit av dei siste områda i Europa som vart kristna) "Ingen lever alene; man fører en samtale med dem som er gått forut, deres liv inkarneres i en, man stiger oppover en trapp og besøker i deres fotefar hver krik og krok av historiens hus."  
                                                                                                                                                                   Dette er og eit mulitikulturelt område som vekselvis har lege under Polen, Lithauen, Russland og Tyskland, Tomasz veks opp i den polske overklassen, omgjeve av Lithauiske bønder. Han får ein nært forhald til fleire av dei, og oppdagar gleda og spenninga ved  jakt, og nedturen når han ikkje klarer å treffa  rådyrbukken som kjem like mot han. Boka er sett saman av kapittel som dels skildrar Tomasz opplevingar og tankar, dels daglegdagse hendingar og meir dramatiske kapittel i dette vesle lokalsamfunnet langs den langsomt flytande Issaelva. Konfliktar, giftarmål, brann og sjølmord men og dei vakre stundene i naturen med vekster, dyreliv og årstidenes skifting. Naturen er nær, fortida er nær, augneblinken opnar seg utover mot  både det nære og det kosmiske. Karakteristisk nok blir
Melkevegen kalla Fuglevegen: "Melkeveien, som på disse kanter kalles Fugleveien, risset sine tindrende tegn på himmelvelvingen."

Men så er det brått slutt, mora til Tomasz dukkar opp og tek han med til byar langt borte. Kjem han nokon gong tilbake ? Vi augnar her litt av Milosz eige vedmod over eit barndomsparadis som for alltid er tapt (og det er det for oss alle !)
"Det gjenstår å ønske deg lykke til Tomasz, Din videre skjebne vil for alltid forbli gjetninger, for ingen kan vite hva den verden du er på vei mot, vil gjøre deg til ."




torsdag 18. mai 2017

Pavevindauget

I bispepalasset i Krakow er der eit vindauga med bilete av pave Johannes Paul, det vender ut mot gata ul Franciskanska. Frå dette vindauget talte paven til sin tilhegjarar når han var på ein av sine mange reiser til byen der han verka som prest, biskop og erkebiskop i mange år. Det vart stilt spørsmål frå folkemengda og paven svarte. Den italienske journalisten Vittorio  Messori stilte også sentrale spørsmål til pvane og dei vart seinare publisert i boka  "Over håpets terskel." Eit av kapittela her har tittelen "Synagogen i Wadowice" der paven kjem inn på forhaldet til det jødiske folket og den jødiske religionen som han karakteriserar som "storebrødre i troen." Utgongspunktet er konsildokumnetet "Nostra aetate" ( I vår tid) som omhandlar relasjonen mellom Kyrkja og dei ikkje kristne religionane. For pave Johannes Paul blir ikkje dette bare teori men og noko djupt personleg :

"Til grunn for formuleringene i denne erklæringen fra Vatikankonsilet, ligger mange menneskers erfaring, både jøder og kristne. Også min personlige erfaring helt fra mine tidligste år i den byen hvor jeg ble født. Jeg husker først og fremst folkeskolen i Wadowice, hvor minst en fjerdedel av elevene i klassen min var jødiske gutter. Her må jeg fortelle om vennskapet til en av disse klassekameratene:Jerzy Kluger. Dette vennskapet har fortsatt helt fra skolepulten til i dag. Jeg ser levende for meg bilede av jødene som hver lørdag bega seg til synagogen; der den lå rett bak gymnaset vårt. Jeg går ut fra at begge  de religiøse gruppenen var forenet i vissheten om at de ba til en og samme Gud. Tross sprogforskjellene bygget bønnene i kirken og synagogen i utstrakt grad på de samme tekstene."

Heile Jerzy Kluger familie blir drept under Holocaust, sjølv overlever han og treff pave Johannes Paul igjen mange år seinare i Roma. Han vart ein viktig formidlar mellom paven og det jødiske samfunnet.
På slutten av dette viktige kapittelet refererar paven til eit møte med representantar for det jødiske samfunnet. Ein av dei som er tilstades kjem bort og takkar paven for det kyrkja har gjort for kjennskapen til den sanne Gud i løpet av desse to tusen åra. I desse orda forstår pavne "hvordan Den nye pakten tjener som fullbyrdelse av det som har sine røtter i Abrahams kall, i Sinai- pakten direkte med Israel og hele den enormt rike arven fra profetene som var inspirert av Gud - de som hundrevis av år før denne avslutningen gjorde Ham Gud skulle sende i "tidens fylde", nærværende i Den hellige skrift."



tirsdag 16. mai 2017

Fatima 1917- 2017

13.mai  var det hundre år sidan Maria openberringa i den vesle portugisiske byen Fatima. Jomfru Maria viste seg for dei tre små borna Jacinta, Lucia og Francisco. Ho viste seg seinare ei rekkje gonger dette året, sist 13.oktober då omlag 50.000 var tilstades og vart vitne til det såkalla solunderet.
Maria oppfordra til bot og omvending og la spesielt vekt på å be rosenkransen dagleg. Kyrkja har seinare gjeve si formelle godkjenninga til desse openberringa.Ikkje minst pave Johannes Paul la stor vekt på Fatima og han meinte at Vår frue av Fatima kom han til hjelp ved attentatet i 1981, drapsforsøket fann og stad på dagen for Fatima openberringa 13. mai. Året etter kom han til Fatima for å takka:" Jeg kommer hit i dag fordi akkurat på denne dagen, ifjor, skjedde attentatet mot Pavens liv på Petersplassen. Og. som på underfullt vis, sammenfaller det med jubileet for den første åpenbaringen i Fatima, som skjedde 13. mai 1917. Disse datoene hang sammen på en slik måte at jeg i det så et speielt kall til å komme hit. Og derfor er jeg her i dag. Jeg kom for å takke Guds forsyn, på dette sted som Guds Mor ser ut til å ha valgt spesielt. Det er ved Guds nåde at vi ikke ble utslettet  - gjentar jeg nok en gang med Profeten."
No 35 år seinare kjem så pave Frans til Fatima i samband med hundreårsjubileet, høgdepunkt var heilagkåringa av Jacinta og Francisco som begge døydde eit par år etter openberringane. Lucia levde til 2005 nær hundre år gammal. Over ein halv milion pilegrimar var samla på den store plassen framfor katedralen der dei tre er gravlagde. Uansett kva ein meiner  om desse openberringane er det ingen tvil om at Fatima har betydd og betyr mykje for  så mange. Dei som kjem her kan ikkje unngå å bli prega av bodskapen  frå Fatima.

                                         Frå markeringa av Fatima i St. Paul kyrkje i Bergen

Linke til video frå Fatima med pave Frans
https://www.youtube.com/watch?v=XdVKrJDx5WI

søndag 7. mai 2017

Mors hår var aldri kvitt

Paul Celan (1920-70) var tyskspråkleg rumensk jøde. Familien omkom i Holocaust men sjølv klarte han å rømma fra leiren og overlevde krigen. Han kom til Frankrike og debuterte som forfattar. Tematikken  hans er sterk preg av det han hadde opplevd. Hans meste kjente dikt er  Dødsfuge (Todesfuge) der han skildrar utryddinga av jødane. Han strekte språket til yttergrensa for å få fram det han ville inntil han ikkje orka meir og enda livet i Seinen femti år gammal.

OSPETRE, lauvet ditt blenkjer kvitt i myrkret.
Mors hår var aldri kvitt.

Løvetann, so grønt er Ukraina.
den ljosleitte mor mi kom ikkje heim.

Regnsky, kvi drygjer du yver brunnen ?
Den stille mor mi græt for alle.

Runde stjerne, du vind den gylte sløyfa.
Mors hjarte vart såra av bly.

Eikedør, kven lyfte deg av gangjarni ?
Den milde mor mi kan ikkje koma.

(Omsett av Olav H. Hauge)

           
                                       Auschwitz - minnesmerke med oske frå dei døde

Kalwaria Zebrzydowska

Bilete over er frå Johannes Paul museet i Wadowice og viser pilegrimar på veg frå Wadowice til Kalwaria Zebrzydowska. Kalwaria vart grunnlagt på byrjinga av 1600 talet av Zebrzydowaki familien, etter kvart har det blitt eit stort anlegg med ei rekkje kyrkjer og kapell vigd til  Kristus og hans Mor.  Tanken var i uttgongspunktet å gjenskapa litt av Golgata i Polen, og dei første kapella var vigd til krossfestinga og Jesu grav. Kalwaria som ligg omlag 15 kilometer frå Wadowice er ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Polen med meir enn ein million besøkjande årleg. Eit av måla for pilegrimane er eit undergjerande ikon av Maria med Jesusbarnet.
Karol Wojtyla kom her første gong som tiåring i 1930 i lag med faren. Her vart grunnlaget for  hans livslange sterke Maria vørdnad lagt. Han kom tilbake mange gonger både som prest og biskop og på sine mange reiser til Polen som pave Johannes Paul 2.                                                                                                                                           



Ved inngongen til Kalwaria Zebrzydowska finn vi naturleg nok eit monument over Johannes Paul.

fredag 5. mai 2017

Norske jødar i Auschwitz

26.november 1942 blir 532 norske jødar  arrestert og tatt ombord i lasteskipet "Donau" med kurs for Stettin i Polen. Deretter blir dei brakt over i kummerlege jernbanevogner i retning Auschwitz-Birkenau der dei kjem fram 1.desember. 188 kvinner, 42 barn og 116 arbeidsuføre menn blir sendt rett i gasskammeret. Ein av desse kvinnen var den 22 årige Ruth Maier som kom som flyktning frå Wien eit par år tidlegare. Ho er ikkje ein av dei mange ukjente,takka vera veninna  Gunvor Hofmo som skreiv dikt om henne, og forfattaren Jan Erik Vold  som har skreve biografien om henne er historia om Ruth Maier vorte kjent.Ho etterlet seg og teikningar og ei dagbok. Går  ein gjennom Auschwitz-Birkenau blir tragedien  så mykje nærare  og  meir konkret når ein kan relatera den til einskild personar som miste livet her i krigsåra.

Gunvor Hofmo skriv:

Du malte din død.
Din død gikk foran deg og skar i tingene
så de åpnet seg i brennende pine
og du kjente sommeren ånde i sorg over din unge død
grenene rispet kvelden
duftene fra havene du ikke skulle se mer
steg bittert i deg
og de hvite benkene i skumringens parker
løftet seg som svaner.

Og i det meir kjente diktet MØTE

Slik en regnvåt kveldstund
kjenner du det er henne
en jødisk veninne de drepte,
hun hvis lik de lot brenne
sammen med tusen andres.

Og så i det avsluttande verset dei siste orda Ruth Maier skal ha sagt til henne:

Du hører den myke stemmen
slik du hørte den sist,
spørrende uten klage,
dempet og underlig trist:
Warum sollen wir nicht leiden
wenn so viel Leid ist ?




Mellom restane av dei to gasskammera i Birkenau er det minneplater på ulike språk. Her bilete av den norske minenplata med friske blomar april 2017.

onsdag 3. mai 2017

Birkenau

Birkenau, vi går gjennom vakttårnet mot området med jernbanelinjene. Dette bilete vi kjenner så godt, tusenvis av ulukkelege frå heile Europa som endeleg slepp ut av vognene etter ei umenneskeleg reise for å så å möta noko enno verre. Det er vått, kaldt og sølete denne aprildagen, kanskje passar det så mykje betre enn om det hadde vore varme og solskinn. Vi går mot minnesmerket i enden av leiren, det ligg mellom ruinane av dei to store gasskammera og krematoria som vart sprengt før russarane rykte inn i leiren. Så mange opplevde sine siste timar på jorda her.
Kanskje kan bare kunsten setta ord på dette, som jødisk, tysk-svenske Nelly Sachs (1891 -1970).Ho skreiv og skreiv om denne lidinga, Israels barn som forsvinn mot himmelen i røyken frå krematorieovnane."Din kropp i röken genom luften". Til sist vart ho æra med nobelprisen i litteratur  for dette.(1966).

O skorstenarna

På dödens sinnrikt uttänkta boningar
Då Israels kropp upplöst i rök
Drog genom luften -
Likt sotare mottog en stjärna den
Och svartnade
Eller var det en solstråle ?

O skorsternarna !
Frihätsvägar för Jeremias och Jobs stoft -
Vem tänkte ut och byggde sten för sten
Vägen för flyktningar av rök ?

O dödens boningar
Lockande iordningsställda
För husets värd,som förr var gäst -
O ni fingrar
Som lägger ingångens tröskel
Som en kniv mellan liv och död -

O ni skorstenar,
O ni fingrar,
Och Israels kropp i röken genom luften !


Eller enno eit dikt av Tadeusz Rozewicz:

Guttemordet

Barna ropte:"Mamma!
jeg har jo vært snill!
Så mørkt ! Så mørkt !"

Se dem De går under
se de små føttene
de er gått under Se
sporet
bittesmå føtter her og der

I lommene fullt
av hyssing og steiner
og små hester av ståltråd

En vid slette lukket
som en geometrisk figur
og et tre av svart røk
loddrett
et dødt tre
uten stjerne i kronen.









tirsdag 2. mai 2017

Håret

Når ein går gjennom museet i Auschwitz er nok noko av det som gjer sterkast inntrykk rommet som er fylt med hår frå ihjelgass kvinner. Brått går det opp for ein at dette var menneske som levde ein gong, som levde heilt vanlege liv som dei brått vart rykte ut av.
 Den polske forfattaren Tadeusz Rozewicz (f.1921) har skildra dette i eit dikt frå  1948 omsette av Ole Michael Selberg

Flette

Da alle kvinnene
i transporten var barbert
feide fire arbeidere med limer
av lindekvister
håret sammen i en  haug

Bak rene ruter
ligger det sprø håret
fra de ihjelgassede
i det sitter spenner
og hornkammer

Dette hår gjennomskinnes ikke av lys
flokes ikke av vind
berøres ikke av hånd
eller regn  eller munn

I store kasser
dynger av tørt hår
fra de ihjelgassede
og en grå liten flette
en musehale med sløyfe
som uskikkeleg gutter
nappet i på skolen






Maxmillian Kolbe

 Vi føl den engelsktalande guiden gjennom fangebrakkene i Auschwitz. Roleg og detaljert legg han ut om den uforståelege brutaliteten som herska her for over sytti år sidan. Til sist kjem vi til gasskammeret og krematorieovnen, men før det kjellaren med spesialcellene og rettarstaden mellom brakkene. Cellene er mørke, fuktige og tomme bortsette frå ei, her er det reiste tre lys og framom celledøra ligg det friske blomar. Dette er cella der Maxmillian Maria Kolbe vart sperra inne saman med ni andre for langsamt å svelta i hjel. Mange har nok høyrt historia om korleis fransiskanarpresten Maxmillian Kolbe friviljug tok plassen til ein annan fange som var utpeikt til å døy som hevn for at ein fange hadde rømt (det viste seg seinare at det ikkje var tilfelle, han vart funne drukna i latrina).
Vi kjem ut til rettarplassen mellom brakkene der ti fangar vart utpeikt til å døy, ikkje raskt ved hengning med langsomt ved å sveltast i hjel. Sersjant Franciszek Gajowniczek var ein av dei som skulle døy, i fortviling ropte han ut at han ikkje skulle få sjå kone og born igjen. Då er det Maxmillian Kolbe stig fram og tar mannens plass, han er prest og har ingen eigen familie. Nazibøddelen godtek dette og Maxmillian blir ført til dødscella saman med dei ni andre. I dei to vekene som føl ber, syng og oppmuntrar han dei andre dødsdømde. Til sist er det bare Maxmillian igjen i live og han får ei giftsprøyte. Det gjer sterkt inntrykk å stå her og sjå plassen der dette dramet utspant seg . Eit drama ein har høyrt og lest om og danna seg sine indre bilete av.

Maxmillian Kolbes handling har i ettertid vorte framheva som noko av det største eit menneske kan gjera, å gje sitt eige liv for at ein annan skal få leva.
Han vart saligkåra i 1971 og helgenkåra av Johannes Paul i 1982. Begge gonger var den frigjevne fangen Franciszek Gajowniczek til stades.

Maxmillian Kolbe vart fødd inn i ein from familie i ein liten landsby utanfor Lodz i 1894, har fekk døypenavnet Raimund. Då han berre 16 år gammal gjekk inni  fransiskanarordenen saman med ein eldre bror,og tok navnet Maxmillian Maria, det siste etter Jomfru Maria som han var sterkt knytt til. Hans spiritualitet var veldig Maria sentrert, og mange utanfor Polen vil nok oppfatta det som ekstremt. Som fransiskanar var han uvanleg aktiv, han bygde opp ein stor klosterkommunitet og formidla bodskapen  både gjennom aviser, tidsskrift og radio. I først halvdel av trettitalet verka  han som misjonær i Japan, men kom tilbake til Polen då han vart sjuk av tuberkulose.
I tidsskrifta han redigerte er det artiklar som er klart antisemittiske, men då nazistane invaderte Polen var han på ingen måte likegyldig til forfølginga av jødar. Mange jødiske flyktningar vart hjelpte av Kolbe  og hans medbrødre. Han talte mot nazismen: " Hitlerismen vil forsvinne, og sannheten må seire."
Mange polske geistlege vart offer for Nazi-Tyskland, seks biskopar og over totusen prestar vart avretta. I mai 1941 var turen komen også for Maxmillian Kolbe og hans medbrødre, dei vart arrestert og deportert til Auschwitz.








                                        Cella der Maxmillian Kolbe døydde i august 1941
                                             Rettarstaden mellom brakkene
                                             Auschwitz ein regnfull og kald aprildag