tirsdag 30. januar 2018

Andre Bjerke 100 år

I går er det hundre år sidan Andre Bjerke (1918 -1985) vart fødd. Han var ein mann som prega norsk kulturliv i store delar av etterkrigstida med eit stort spekter av uttrykksformer.  Han var kjent som lyrikar med dikt både for barn og vaksne, han skreiv briljante essay og var ein markert samfunnsdebattant med  spesielt stor interesse for språkspørsmål som riksmålsforkjempar. Han var dramatiker,  og mange kjenner han som ein genial kriminalforfattar under psevdonymet Bernhard Borge, film og massemedia var eit anna interessefelt og fleire av hans romanar vart filmatisert.
Som gjendiktar gav han oss fleire store klassikarar i norsk språkdrakt. I mange dikt løftar han og fram  diktarkollegaer både norske og i den store europeiske tradisjonen.

Eg opnar hans samla dikt i høve 100 års dagen og fell ned på diktsamlinga " En kylling under stjernene" frå 1960. Der skriv han om såvel Wildenvey, Rilke, Galilei, Kepler og Ingmar Bergman, og så det vakre vesle diktet "To luker i himmelen" om det nyfødde barnet.

Good night sweet prince

Hva er det for en hånd vi føler strø
sin aske over lyset nu ? Hva skjer ?
At det er høst. At sommeren er død.

Det lo en sang som ikke lenger ler
i dette land, hvor høsten gjør sin plikt:
For du og lerken synger ikke mer.

I død som fødsel lignet du ditt dikt:
Hvor likt det var deg at du kom en dag
i julis midte....... Hvor det var deg likt

å reise med det store trekkfugldrag
i høstens oppbruddsstund.....Så vet vi nu
at du og den du elsket har slått lag.

Samtidig døde sommeren og du.

(Herman Wildenvey døde 27. sept. 1959)

Rilke i Duino

"Wer, wenn ich schriee, hörte mich denn aus der Engel Ordnungen"

Dikterens vimpler på brogen:Duino erobret
efter et livs beleiring av egne tårn!
Murer av dyktighet mellom deg og ditt dikt
måtte først skytes i grus, broer av stillhet
slås over velklangens vollgrav, hele rutinens
vakthold ved portene overmannes i mørke!
Så falt diktet, falt som et eple, falt som
en moden renhet: din. Rainer Maria
Rilke, du som har Jomfruens midt i ditt navn.

Diktet skjer. Jorden: en overskåret
frukt - se kjernehuset! Ja, det er.
Veiene myldrer av dine medsammensvorne,
der: akrobaten og barnet, og der: de ydmyke ting:
dukken og bokmerket, akset og vindushaspen,
brønner, brønner - alt er med på besvergelsen.
Noe nærmer seg...... Hva? Å, lyn mellom ordene!
Forhenget revner: Diktet skjer. Det er engelen.

Betre kan det vel ikkje uttrykkast om Rainer Maria Rilke. Å lesa dette diktet er som på ny å gå rundt  på Duino borga i Rilkes fotspor slik eg gjorde for ein del år tilbake !



To luker i himmelen

Det største mysterium er ikke mer
enn det: at en ørliten kropp
er våknet til jorden. Den nyfødte ser.
To luker i himmelen går opp.

Selv fem-trinns raketter og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk
beviser at Gud er til.


Kriminal romanen " De dødes tjern" vart filmatisert  i 1958 med Henki Kolstad, Henny Moan og Andre Bjerke sjølv i sentrale roller. Boka og filmen er vel det dei fleste assosierar med Andre Bjerke som vi i dag markerar 100 års dagen til.

mandag 22. januar 2018

Fra Luther til Peter

"Fra Luther til Peter" med undertittelen " En pilegrims bekjennelser" er tittelen på  tidlegare prest i Den norske kyrkja Dag Øivind Østerengs bok som kom på  Efrem forlag i fjor. Østereng fekk ein del publisitet i media, mellom anna Ole Torps intervju med han på TV, då han valgte å slutta som prest og gå ut av Den norske kyrkja. Hausten 2016 vart han teke opp i Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Han hadde ein relativt lang veg å gå, ein lang prosess å arbeida seg igjennom, men det var ein prosess som hadde ein raud tråd  der blikket heile tida var festa på han som er truas opphavsmann og fullendar, Jesus Kristus.  For Østereng er det ei trusvandring, ei pilegrimsvanding der det nok i periodar ser mørkt ut, men der han aldri tapar hovudperspektivet. Til slutt når han målet slik alle pilegrimar vonar når dei er undervegs, men det har og sin eigen verdi å vera undervegs, det kan bli ei verdfull erfaring å ta med seg!

Dag Øivind Østereng  har sin bakgrunn i Norsk Luthersk Misjonssamband, bestefaren var Øivind Andersen, rektor ved Fjellhaug skoler, som kom til å prega fleire generasjonar av forkynnarar og misjonærar. Her hadde han sin plass, men etterkvart melde tvilen  seg, var Ludvig Hopes lågkyrkjelege og spiritualistiske kyrkjesyn haldbart utfrå Bibelen. Østereng kjem fram til at det er det ikkje, og han byrjar på teologistudiet ved MF med tanke på presteteneste. Det blir hans første "exodus" frå Misjonssambandet til Den norske kyrkja, hans neste "exodus" blir eit langt større sprang. Han byrjar presteteneste i Ulvik og trivst med det, men han ser med uro på den liberale utviklinga i kyrkja. Fleire gonger siterar han den store katolske  forfattaren C.K. Chesterton:  " I virkeligheten har vi ikke bruk for en kirke som har rett, der vi selv har rett. Det vi trenger er en kirke som har rett, der vi selv tar feil."  Han ser på situasjonen i kyrkja som ei krise som ikkje berre er ei rein teologisk krise men vel så mykje ei ordningsmessig krise. " I Den norske kirke har vi egentlig bare hatt superintedenter, kongelige embetsmenn, og ikke biskoper i apostolisk mening." blir hans konklusjon etter å ha gått grundig inn i dei bibelske tekstane. "Simon Peter har en tydelig lederrolle blant apostlene. Sammen med Simon Peter er det også et trekløver i lederskapet, med Jakob og Johannes."

Det blir teologisk og ordningsmessig stadig vanskelegare å vera prest i Den norske kyrkja, ei stund prøver han saman med andre konseravtive prestar å arbeida mot denne utviklinga i fellesskapet " Carissimi". Etter kvart innser han at heller ikkje dette fører fram, og han minnest pater Arnfinn Harams ord:"Dere kommer ikke til å få noe gjennomslag hos biskopene."
Med kyrkjemøtets vedtak om likekjønna ekteskap er det ingen veg tilbake for Østeren, hans andre "exodus" blir ein realitet. Alt lenge har han nok visst at vegen vidare går mot katolisismen. " Min utgang av Den norske kirke gjorde jeg som prest. Det var en del av mitt hyrdekall å gå til Den katolske kirke." Han ser at han er ved målet for pilegrimsvandringa, iallfall det jordiske målet, for frelst er vi først ved den endelege målet.

Det er ei viktig bok  Dag Øyvind Østereng har skreve, ei bok som burde ha interesse ikkje bare for dei som har gått same veg som han, men og aktive traunde i såvel Misjonssambandet som Den norske kyrkja.
Boka er detaljert og grundig, kanskje vel detaljert med hensyn til interne prosessar i kyrkja som utgjer den midtre delen av boka, her fall eg litt av lasset. Men dei to første og fire siste kapittela gav meg mykje. På slutten går han i detalj gjennom det som er viktige skilje mellom protestanstisk og katolsk lære og tradisjon.Det blir ei kort truslære i seg sjølv. Han refererar hyppig til Chesterton og  kardinal Joseph Ratzinger (pave Benedikt), og det ein kanskje kunne savna er referansar til vidare katolsk lesing som har påverka han og kva eventuelt personlege samtalar med andre katolikkar har betydd i denne prosessen.

Han innleiar med eit Chesterton sitat og det kunne passa å avslutta med det her: "Den katolske kirke er den eneste makt som kan frelse en mann fra det nødvendige slaveri som heter å være barn av sin tid."








søndag 21. januar 2018

Barndom

I den vesle minneboka "Et århundre i Bergen. Farmors historie" fortel Ella Rafto som døydde over hundre år gammel, til barnebarnet  Heidi Rohde Rafto (Kapabel forlag). Ei livshistorie som mange andre men likevel unik. " Vi har alle levd spennande liv som det kunne vorte skreve romanar om."
Det eg merka meg spesielt med boka var det første kapittelet "Møhlenpris - min barndoms paradis !"
Ho fortel levande om barneflokken som leika saman ute i området rundt bygarden der ho vaks opp.
"Gjemmespill og pikkeleisen", songleikar som "Fløy en liten blåfugl gjennom vindu" og "Ta den ring og la den vandre", bading, ballspel, aking. Barnebarnet reflekterar over ein barndom påfallande fri for vaksne ! Foreldra skyssar barna ut og så er dei der heile ettermiddagen heilt på sine eigne premiss. Det slår meg at oppveksten på 1920 talet likevel ikkje er så ulik min eigen oppvekst på 1960 talet. Iallfall er det ein himmelvid forskjell  frå både  1920 talet og 1960 talet til dagens barndom på 2010 talet. I dag er alt planlagt , gjennomorganisert og data/media er med frå dei tidlegaste åra. Det er på mange måtar eit dramatisk paradigmeskifte. Gjer det noko med oss eller er vi så forunderleg tilpasningsdyktige? Er førestillinga om den harmoniske og frie barndomen i tidlegare tider berre nostalgiske draumar og tåkeprat? Det var vel heller ikkje alltid " min barndoms paradis" slik denne aldrande kvinne frå Bergen minnest ? Nei, det var det nok definitivt ikkje, det var og tidleg deltaking i arbeidslivet, det var fattigdom, det var sjukdom og død.  I dag er det så godt som ingen barn som døyr, så seint som på 1960-1970 talet døydde det mange i  trafikkulukker, drukning, krybbedød, kreft og infeksjonar. Det er og eit paradigmeskifte, men eit skifte ingen vil vera ueinig er til det betre.

Tapte vi likevel noko? Barneflokken som sprang rundt ute og leikte i mørke haustdagar med fønvind og mogne eple, varme sommar- ettermiddagar med jamnt over 20 grader i vatnet, lange vårkveldar med hyttebygging i skogen, stjernklåre vinterdagar med spark eller kjelke på skarpt føre!
Eit år var veldig lenge, eit liv uendeleg lenge der det låg framom ein som ei slette, eller eit lerret enno utan merke etter penselen som forma fargespelet, ein gong skulle  det bli vaksenlivet.
Vi tapte noko, vi tapte undringa over å stå ein vinterkveld å sjå mot det stjernepryda universet, heilt stille utan andre inntrykk, å stå der lenge ute av stand til å setja ord på mysteriet !

                                                 Leik ved bekken ein sommardag rundt 1930.

Draumkvedet

Vil du meg lyde, eg kvede kan
om einkvan nytan drengjen,
alt om `n Olav Åsteson
som hev sovi så lengje.



Han la seg ned om joleftan,
no hev`n sovi så lengje,
vakna kje fyrr om trettandagjen,
då folkjet åt kyrkjun gjekk.
    Og det var Olav Åsteson
    som heve sovi så lengje.





 Kjem eg meg åt pilegrimskyrkjun                                                                                                           der var meg ingjen mann kjend`e
 berre ho gode gudmor mi
 med raude gull  på hende
      I brokksvalin
     der sko domen stande.



Sæl er den i fø`esheimen
fattige gjev`e sko
han tar inkje berrføtt gange
på kvasse heklemog.
    Tunga talar
    og sanning talar på domedag.



                                                                                                                                                       
Gamle menner og unge
dei gjev`e etter gaum`e;
det var han Olav Åsteson,
no hev han tålt sine draume.


Kunstnaren Torvald Moseid ( 1917 -2000) var fødd på Bygland men levde det meste av livet i Oslo.
Han er kjend for sine monumentale broderte friser. Det siste og mest kjende vart ferdig i 1993 og er ein illustrasjon til folkevisa/mellomalderballaden "Draumkvedet". Det er for tida utstilt i Kristiansand kunstmuseum der  ein vonar at det etterkvart får  eit permanent ustillingsrom. I det over femti meter lange broderte biletsekvensen  kan vi følgja den dramatiske historia om Olav Åsteson som sovna julafta og vakna trettandedagen/Heilage tre kongars afta. Han hadde  då vore igjennom ei reise i det hinsidige som han sette seg i kyrkjedøra og fortalde om. Det er ei visjonær reise der han har sett skjærselden, domen, straff og fortaping som ventar syndarane etter døden. Sjølv om ein kjennar teksten frå før, gjev Moseids bilete eit nytt og spennande intrykk. Tradisjon, ord og bilete utfyller kvarandre.

"Draumkvedet" er vel kanskje den meste kjende folkevisa/mellomalderballaden vi har. Mange godt vaksne fekk vel dette med seg som pensum i norskfaget, men det er vel neppe med der lenger ? Lik andre folkeviser levde "Draumkvedet" som munnleg tradisjon i mange hundre år før det vart oppdaga og skreve ned på midten av 1800 talet. Det er ulike teoriar om korleis det oppstod, mest sannsynleg vart det utforma i Kviteseid - Lårdal området i Telermark ein gonge mellom 1350 og 1550 og levde så i ein ubroten folkeleg tradisjon i mange  hundreår. Det er eit visjonsdikt i slekt med visjonsdikting i andre delar av Europa, men det er ikkje haldepunkt for at det er direkte inspirert av andre visjonsdikt.
"Draumkvedet" er eit ekte uttrykk for folkelege religiøse forestillingar i bygde Norge i seinmellomalderen sjølv om den versjonen vi kjenner best vart utforma av Moltke Moe på 1890 talet inspirert av dei uttrykka som hadde levde gjennom tradisjonen i Telemark.

Det som er sikkert er at både folkevisa "Draumkvedet" og Torvald Moseids biletkunst er ein viktig del av norsk kulturarv som må takast vare på til generasjonar som kjem!

fredag 19. januar 2018

Karmels regel

"Den opprinnelige regel
for den Salige Jomfru Maria
av Karmelbergets Orden
gitt av den hellige Albert,
Patriark av Jerusalem,
korrigert, endret og stadfestet
av Innocens IV."


Kvar klosterorden har sin regel eller konstitusjon som gjev konkrete retningslinjer for livet i klosteret.
Ofte er denne regelen skreve av grunnleggaren av ordenen og seinare godkjent av paven. Slik er det ikke i Karmelittordenen, regelen er formulert av ein utanforståande  på oppfordring av ei gruppe einebuarar som hadde slått seg ned ved Karmelberget nord i Israel. Patriarken Albert formulerte ein kortfatta regel som seinare  vart stadfesta av pave Innocens IV. Regelen har vore førande for ordenen frå dei første munkane forlet Karmelberget og slo seg ned i Europa og fram til dei har spreidde seg utover heile verda i dag.
I fjor kom ei norsk omsetjing av Karmels regel på St. Olav forlag. Det er ei vakker lita bok med regelen på latin, norsk og engelsk. Innimellom finn vi bilete frå Karmelberget og frå karmelittklosteret i Tromsø. Boka er og til minne om henne som omsette regelen til norsk, sr. Maria Nada av Inkarnasjonen OCD (Marit Flagstad 1926 -2005). Ho gjekk inn i ordenen som godt vaksen og fekk den siste delen av livet der. Som norsktalande var ho til stor hjelp for at dei polske søstrene skulle finna seg til rette i Tromsø.
Boka innheld også ei føreord av kardinal og biskop Anders Arborelius OCD. Han spør innleiingsvis:
"Hva er så Karmelittordenens store oppdrag i Kirken ? Hva  er det denne ordenen kan gjøre for at Kirkens oppdrag skal bli tydelig ? "  Både regelen og Karmelittordenens historie gjev eit klart svar på dette: Karmel er der for å be, be dagleg, be heile tida , be tidebønene men vel så viktig den indre kontemplative bøna. Karmels kall er bøn, ei bøn som er med på å bera kyrkja både i motgong og medgong.
Biskop Anders  peikar vidare på  sentrale element i regelen og i Karmels spiritualitet: det mystiske, det bibelske, det kristosentriske, det asketiske, og sist men ikkje minst den vekt vi legg på profeten Elias og Guds Mor Maria (Vår Frue av Karmelberget). Maria har ein heilt unik plass i Karmel, ho er ordenens evige vern, ho er "Flos et regina Carmeli" ( Karmels blom og dronning).
Denne vesle boka blir nok ingen "bestselgar", men for dei som opnar henne vil ho bli til stor inspirasjon i det andelege livet.





søndag 7. januar 2018

Poetica: Juletid


Han hadde gått så langt
og nådde kanskje ikkje fram
men enno var det rom igjen
ei dør, eit bord med brød og fisk og vin
så kan auga gli igjen
og kvila varer lenge
tretten dagar til ende.
Han reiser seg frå draumen
no vil han tala men lyttar først
til dei som tek imot og delar ut
og så dei tre som kom i går
og no stig opp og rir mot vest.
Dei ber eit lys i lag dei tre,
og byr dei andre som sit att:
bli med, bli med !
Vi kjem med sol og vind
sa den første.
Vi kjem med lys og tid
sa den andre.
Vi kjem med glede, brød og vin
sa den tredje.
Eg byr eit hus av brød
sa han som hadde sove lenge.
Gå no sa han som leigde ut
det er ikkje langt igjen.
De er slitne og undrast no
men de blir funne att i dag
og gleda skal bli stor.
De trufast ventande.







Epiphany:The Three Kings

Epifani - Heilage tre kongers dag, og juletida er dermed over.

George Mackay Brown (1921-96) har skreve eit "Epiphany carol" tonesatt av Pete Seeger. Det
er med på å gjera bodskapen dagsaktuell.

They`re looking for what, the three kings,
Beyond their border?
A new kingdom, peace and truth and love,
Justice and order.

One was black and one was brown
And one was yellow.
A star crooked its jewelled finger.
The three kings follow .

How did they fare, the three kings ?
Where did they dine ?
They lived on a crust or two
And sour wine.

One was yellow one was black
And one was brown.
They passed a scorched and rutted plain
And a broken town.

Whom did they meet, the three kings,
Among the thorns ?
Herod`s captains hunting
With dogs and horns.

One was brown and one was yellow
And one was black.
Here`s what they found, a refugee bairn
wrapped in a sack.

What did they do, the three kings ,
When they got home ?
In Vietnam, Rhodesia, Kashmir, troubled they bide
Till the Kingdom come.











torsdag 4. januar 2018

Kalender 2018

Eit par dagar inn i eit nytt år 2018. Kanskje kan ein bli poetisk framfor tolv månadar og fire årstider?
Iallfall blir George Mackay Brown det i sine mange "kalender dikt". Dei sluttar gjerne med julebodskapen som i " A Child`s Calendar":

No visitors in January.
A snowman smokes av cold pipe in the yard.

They stand about like ancient woman,
The February hills.
They have seen many a coming and going, the hills.

In March Moorfee is littered
With knock-kneed lambs.

Daffodils at the door in April,
Three shawled Marys.
A lark splurges in galilees of sky.

And in May
A russet stallion shoulders the hill apart.
The mares tremble.

The June bee
Bumps in the pane with a heavy bag of plunder .

Strangers swarm in July
With cameras, binoculars, bird books.

He thumped the crag in August,
A blind blue whale.

September crofts get wrecked in blond surges.
They struggle, the harvesters.
They drag loaf and ale-kirn into winter.

On October the fishmonger
Argues, pleads, threatens at the shore.

Nothing in November
But tinkers at the door, keening, with cans.

Some December midnight
Christ, lord, lie warm in our byre.
Here are stars, an ox, poverty enough.