onsdag 28. mars 2018

Stephen Hawking

Stephen Hawking, britisk professor i fysikk døydde 14. mars 76 år gammal. Symbolsk nok på fødselsdagen til Albert Einstein. Hawking er vel ein av få vitskapsmenn som har oppnådd superkjendis status, og langt på veg blitt ein legende i levande live. Han var ein dyktig vitskapsmann som gjorde banebrytande arbeid innan teoretisk astrofysikk og kosmologi. Han er særleg kjent for sitt arbeid med svarte hol og big bang, og med å sameina kvantefysikk og relativitetsteori. Men det er mange vel så dyktige vitskapsmenn som berre er kjent innan sitt fagområde, kven har til dømes høyrt om professor Roger Penrose som Hawking arbeidde saman med, og som har gjort vel så mykje innan dette fagfeltet ?

Det som gjorde Hawking så kjent var dels hans evne til å popularisera kompliserte problemstillingar i bøker og fjernsynsprogram retta mot folk som ikkje har fysikk og kosmologi som fagområde, dels var det hans evne til å leva eit produktivt liv trass i eit invalidiserande handikapp. Alt i 20 års alderen fekk han nervesjukdomen ALS, prognosen var då i beste fall eit par år, men han gjorde nevrologanes ord til skamme og levde i meir enn femti år med denne sjukdomen. Trass i manglande taleevne og ein rullestolbunden kropp, hadde han ein ekstremt skarp hjerne som gav oss innsikt i astrofysikkens komplekse problemstillingar. Det fascinerande livet hans vart for eit par år sidan gjort levande i filmen "A theory of everything". Hans pågangsmot og viljestyrke  bør vera oppmuntrande for alle som slit med handikapp og funkjonssvikt !

Det er mange som har kreve om Stephen Hawking i samband med hans bortgang, I sine populærvitskapelege bøker som " Univers uten grenser" og "En kort historie om tid" går Hawking utover sitt fagområde og inn på teologien og filosofiens område. Han avviser klart at det er ein skapande Gud som står bak universet.  Hawkings modell er kvantekosmologisk, universet har har ei endeleg fortid men inga byrjing i tid. Grenseforutsetningane til universet er at det ikkje har grenseforutsetningar, og for Hawking gjev  dette ikkje rom for ein Gud som første årsak.  Dette har møtt sterk kritikk ikkje bare frå teologisk og filosofisk hald, men og frå ikkje truande naturvitarar slik som professor i astrofysikk Øystein Elgarøy. " Spørsmålet om Guds eksistens er et filosofisk problem, det kan ikke besvares med fysikk alene."skriv han. Hawking hevda at filosofien ikkje har følgt med på utviklinga i fysikken og er derfor overflødig. Her er han på fagleg svært tynn grunn.

Stephen Hawking vil bli  hugsa for at han trass i sitt store handikapp gjorde banebrytande forskning innan astrofysikken, og at han evna å popularisera denne forskninga for folk flest. Han vil ikkje bli hugsa som religionsfilosof, her var han like mykje hobbyfilosof som dei fleste av oss andre.

Men når alt kjem til alt er det kanskje likevel dei nære relasjonar som betyr mest, iallfall når vi står stilt overfor døden. Hawking  innsåg nok og det når han ein stad skriv:" It would not be much of a universe if it wasn`t home to the people you love."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar